Oppmelding / avmelding til eksamen

Studentar med aktiv studierett melder seg til ordinær og utsett eksamen i Studentweb som ein del av semesterregistreringa. Frist for oppmelding og registrering kjem fram av Viktige fristar.

Oppmelding til utsett eksamen (kontinuasjonseksamen)

Studentar som ikkje kan melde seg til eksamen i Studentweb, melder seg ved å fylle ut skjema her. Merk at du kan melde deg til fleire eksamenar i same skjema. Frist for oppmelding kjem fram av skjema og kalender for studieåret.

Avmelding frå eksamen

Avmelding innan fristen

Du kan sjølv velje å trekke deg frå eksamen i Studentweb inntil 2 veker før eksamensdato. Du finn den nøyaktige datoen for trekkfrist i Studentweb.
 

Trekk etter fristen

Avmelding eller trekk etter fristen vert rekna som eitt forsøk. Trekk etter fristen vert registrert som ikkje møtt/ikkje levert, og gir ikkje utløysande rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen).

Dersom du leverer trekkskjema til eksamensvakt på skriftleg skuleeksamen, eller brukar «lever blankt»-knappen på heimeeksamen, reknast dette som avbrudd under eksamen. Ved avbrudd under eksamen brukar du eit eksamensforøk, men får rett til kontinuasjonseksamen i påfølgjande semester.

Du kan lese meir om kva som gir utløysande rett til kontinuasjonseksamen her.

 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida:  måndag-fredag kl. 08:00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset

Les meir om opningstider, adgangsrettar m.m. på campus her.