Sensur, grunngjeving og klage

Kunngjering av sensur

Sensur vert normalt kunngjort i Studentweb, og sensurfristen er 3 veker etter eksamen.
I periodar med mange heilagdagar, er sensurfristen sett til 15 virkedagar. Jf. Midlertidig forskrift om sensurfrist .
Sjå informasjon om karaktersystem, vitnemål og grader


Grunngjeving

Den som har avlagt eksamen har rett til å få grunngjeving for karakterfastsetjinga av eigen prestasjon. (jf. UH-lova § 5-3 Klage over karakterfastsetting – rett til grunngjeving).

Krav om grunngjeving må framsetjast innan ei veke frå kandidaten fekk kjennskap til karakteren, (dvs. frå det tidspunktet karakteren er kunngjort i Studentweb). 

Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske kunnskapar, må krav om grunngjeving framsetjast med ein gong karakteren er kunngjort.

Normal saksgang for grunngjevingar er om lag 2 veker. Søknad om grunngjeving registrerer du sjølv i Studentweb via Resultat - Grunngjeving og klager. Det går ut e-post varsel når grunngjevinga er formidla av sensorkommisjon og er tilgjengeleg i Inspera Assessment. Logg inn og du finn den aktuelle eksamenen under "Arkiv". Klikk "Sjå fleire detaljar" for å lese grunngjevinga.


Klage på karakter (sensurvedtak)

Fristen for å klage på ein eksamenskarakter er 3 veker etter at sensuren er kunngjort. Vi rår til at ein ber om grunngjeving og les sensorrettleiinga før ein eventuelt klagar på karakter. Dersom ein har bede om grunngjeving for ein karakter er klagefristen 3 veker etter at ein mottar grunngjevinga. Klaga vert vanlegvis handsama innan ein månad. Når resultatet er klart, får du e-post om at du kan sjå resultatet i studentweb. Merk at sakshandsamingstida normalt vil vere lenger på sommaren.

Dersom ny sensur avviker med to eller fleire karakterar frå opprinneleg sensur skal det gjerast  ytterlegare ei vurdering før endeleg karakter fastsettast jf. universitets- og høyskoleloven (uhl.) § 5-3, 6. ledd. 

Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege/praktiske eksamenar som ikkje let seg etterprøve.

Dersom du har fått stryk på eksamen og ventar på svar i klagesaka di, skal du melde det opp til kontinuasjonseksamen i emnet innan oppmeldingsfristen. Det er ikkje mogleg å melde seg opp i emnet etter fristen viss du ikkje får medhald i klagen. 

Utfyllande informasjon om klagereglement finn du i Universitets- og høgskulelova, i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, og retningslinjer for grunngjevingar og klage.

Ønskjer du å klage på karakter må du registere dette i Studentweb via Resultat - Grunngjeving og klager.

Merk: Vedtaket ved klagesensur er endeleg, og du har difor ikkje klagerett, sjå universitets- og høyskoleloven (uhl.) § 5-3 nr. 7, jf. forvaltningsloven § 28, 3. ledd. Vitnemål og karakterutskrifter som er utferda vert krevd innlevert dersom karakteren er endra som følgje av klagen. Ved å sende klagen samtykker du i dette. Du har likevel rett til å be om grunngjeving for nytt karakterresultat etter klage. Eit slikt krav må framsetjast innan ei veke frå du som student har fått kjennskap til karakteren, men likevel ikkje meir enn tre veker fra den vart kunngjort. jf. universitets- og høyskoleloven (uhl.) § 5-3 nr. 1. Ønskjer du grunngjeving etter klage, så må du sende melding til studentsorvis@hivolda.no 


Klage på formelle feil ved eksamen

Dersom du som student meiner det har skjedd formelle feil knytt til din eksamen eller prøve (til dømes feil ved oppgåvesett, eksamensavviklinga eller gjennomføringa av vurdering), kan du ifølgje  universitets- og høyskoleloven (uhl.) § 5-2 klage over formelle feil.
Klage på formelle feil skal sendast til postmottak@hivolda.no og klagen må grunngjevast. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje vil den gå vidare til klagenemda ved høgskulen i Volda. 

Om det er skjedd feil som kan ha hatt betydning for din prestasjon under eksamen eller ved vurdering av denne, skal sensurvedtaket opphevast. Dersom feilen kan rettast opp ved ny sensur, skal det foretakast ny sensur. I motsett fall skal det haldast ny eksamen.


Klage på enkeltvedtak

Som student har du rett til å klage over enkeltvedtak fatta av Høgskulen i Volda, jf forvaltningsloven § 28. Ikkje alle vedtak som Høgskulen i Volda fattar er enkeltvedtak. Iflg forvaltningsloven § 2b, er eit enkeltvedtak noko som gjeld rettigheiter eller plikter til ein eller fleire bestemte personar. Det er ikkje høve til å klage på administrative vedtak som til dømes tid og stad for eksamen.
Vedtak kan påklagast innan 3 veker etter mottatt vedtak.
Klage på enkeltvedta sendast til postmottak@hivolda.no og klagen må grunngjevast. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje vil den gå vidare til klagenemda ved høgskulen i Volda. 

 

 

 

 

 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset