Evalueringsskjema for emne

Forslag til mal 2020.

Revidert haust 2017

INTRODUKSJON TIL EVALUERINGSSKJEMAET

  • Forklar omgrepet emne
  • Be studenten gi opp kva emne skjemaet gjeld for.

SPØRSMÅL:

  1. Kor nøgd er du med innhaldet i emnet, slik det er presentert gjennom undervisning og pensumlitteratur?
  2. Kor nøgd er du med kombinasjonen av arbeidsmåtar som har vore nytta i emnet (td. førelesingar, seminar, gruppearbeid, oppgåveskriving, rettleiing, IKT-støtta læringsformer)?
  3. Vurder følgjande (dersom det er relevant for ditt emne):
    1. Førelesingar/forelesarar
    2. Seminar
    3. Gruppearbeid
    4. Oppgåveskriving
    5. Rettleiing
    6. IKT-støtta læringsformer (td. Canvas)
  4. Vurder høvet til studentmedverknad på emnet.
  5. Vurder vanskegraden på emnet.
  6. Vurder omfanget av arbeidskrav på emnet.
  7. Korleis er vurderings- og eksamensformene i emnet, sett i høve til arbeidsmåtane i emnet?
  8. Kor nøgd er du med informasjonen gitt av den/dei emneansvarlege?
  9. Vurder følgjande (dersom det er relevant for ditt emne):
    1. Universell utforming (tilgjengelig for alle)
    2. Sosialt miljø / inkludering
    3. Om det førekjem mobbing
    4. Bruk av utstyr / mikrofon
    5. Fysiske tilhøve
    6. Fagleg miljø
  10. Vurder eiga interesse for og innsats i emnet.
  11. Er det tilbakemeldingar du vil gje til bestemte forelesarar?

VURDERINGSKRITERIUM:

Talskala frå 5 (”God”/ ”Høg”) til 1 (”Dårleg”/ ”Låg”), med ”Veit ikkje / ikkje relevant” som alternativ på alle spørsmåla.

ANNA:

Tekstboksar på alle spørsmåla for utfyllande kommentarar.