Gode studievanar for nettstudentar

Fleksibilitet 

Som nettstudent kan du arbeide ved sidan av studiet, bu ein annan stad, vere småbarnsforelder, reise og så vidare. Du kan fullføre tidlegare påbyrja studium, og gjennomføre studiet i ditt eige tempo. Du kan legge opp dagane slik dei passar deg, og få studia til å passe inn i kvardagen din. Nettstudium har det same faglege innhaldet som vanlege campusstudium, forskjellen er at du ikkje treng å vere til stades på skulen. Har du internett, har du studiet med deg over alt!

Struktur

Å vere nettstudent kan vere mindre sosialt enn å vere campusstudent. Difor må du som nettstudent klare å arbeide sjølvstendig og strukturert. Når det kjem til den sosiale biten, kan du ha kontakt med dine medstudentar gjennom Adobe Connect og Canvas. Der kan de diskutere fag, utveksle kunnskap og gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.

Oppfølging

Innleveringsoppgåver og prøver undervegs i semesteret sikrar at du ikkje er heilt overlatt til deg sjølv – du må prestere gjennom semesteret. Lærarane er også til stades i dei virtuelle foruma for å rettleie deg undervegs.

Gode studievanar - tips og triks

Vert kjent med Lånekassen sine reglar

Sett deg inn i reglane frå Lånekassen før du søkjer om lån og stipend.

Sett deg inn i studiet ditt

Sett deg godt inn i kva utdanninga di går ut på - då er du førebudd på tøffe tak når du må gjennomføre emne eller tema som du kanskje ikkje finn like interessante.

Skaff deg pensumet så raskt som råd

Finn pensum på biblioteket nært deg (via fjernlån), eller ved å kjøpe pensumbøker brukt eller på fagbokhandelen nærast deg

Sett deg tydelege og realistiske mål

  • Lag deg delmål for studiet som er tilpassa studieplanen/leseplanen til føreleserane. Då er du førebudd til undervisninga og til innleveringane.
  • Ha ein plan for arbeidet med innleveringane, og sett deg små mål fram til innleveringa, t.d. «i dag skal eg skrive x antal sider av denne innleveringsoppgåva».
  • Planlegg meir tid på lesing og oppgåver – dei fleste overvurderer ofte sine eigne evner i byrjinga av studiet. Hugs at du skal oppleve meistring og framgong, og då må gjeremåla dine vere overkomelege!

Ha gode rutinar

  • Kom deg tidleg opp, et frukost og kle deg som om du skal på arbeid. Prøv å ha ei fast studietid. Studerer du fulltid, bør studiearbeidet minimum tilsvare ei ordinær arbeidsveke.
  • Sett deg delmål for dagen, og ikkje gjer noko anna før dei er gjennomført. Då kan du ta fri med godt samvit etterpå!
  • Prøv å unngå skippertak – les heller «litt» kvar dag dei periodane motivasjonen er låg.

Hald oppe motivasjonen

  • Still deg sjølv spørsmåla «kvifor starta eg på studiet, og kva drøymer eg om?». Dersom du har eit stort overordna mål kan det vere lettare for deg å nå delmåla dine. 
  • Finn den studieteknikken som passar deg best
  • Ha ei nysgjerrig innstilling – og tenk positivt om det å tileigne seg ny kunnskap. Når motivasjonen er låg, prøv å hugs kvifor du ville dette.
  • Gjer «kontoret» ditt koseleg – det skal vere kjekt å setje seg ned med studiet! Gjer lesing til noko hyggeleg – tenn lys, kok deg ein kopp kaffi og ha det triveleg rundt deg.

Samarbeid med andre

Ta til deg råd og konstruktiv kritikk frå dine medstudentar og lærarar. Gi faglege råd til medstudentar når du kan det, og spør om hjelp ved behov.

Et sunt og rør deg

Ta deg gode pausar der du ikkje tenkjer på studiet. Det er viktig å kople av for å kunne kople seg på att! Når du tek deg pauser i eksamenstida, kan du slå to fluger i ein smekk ved å gå turar eller trene saman med vener. Då får du mosjonert samstundes som du er sosial. Begge deler er stressdempande, og verkar positivt på læringa di.

Førebu deg godt til eksamen

  • Fordjup deg i dei vanskelege delane av pensum, og ikkje gi deg før du har forstått dei. Søk andre kjelder for å sjå om du får ei betre forståing for temaet der. Hugs å vere kjeldekritisk, ikkje all informasjon på veven bør slukast rått!
  • Det kan vere lurt å løyse tidlegare eksamensoppgåver, då kan du få innsyn i kva forventingar lærarane har til kva du skal kunne.
  • Ver ferdig med å lese pensum mellom to og fire veker før eksamen. Då får du tid til å repetere dei siste vekene.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset