Mal for utdanningssamtalar

Framlegg til tema og spørsmål ein kan diskutere i utdanningssamtale. Ved spørsmål utdanningsrettleiar ikkje kan svare på, viser ein vidare til aktuelle fagpersonar, studiekonsulent eller studierettleiar i studieadministrasjonen.

GENERELT

Korleis opplever studenten studiesituasjonen?
Er det ting i emneplan/undervisningsopplegg som er uklare?

FAGLEGE MÅL

  • diskusjon av læringsutbytte
  • individuelle mål ut over studieplanen
  • arbeidsmåtar i faget
  • fristar i studiet
  • kva ønskjer studenten med utdanninga
  • kva vil ein jobbe med seinare

FORDJUPINGSOMRÅDE

Har studenten spesielle faglege interesser, noko ein ønskjer å fordjupe seg meir i?

  • Tema for prosjektarbeid, semesteroppgåver eller frie oppgåver i studiet
  • Valemne, spesialisering, litteratur, osb.

Individuelle tilretteleggingar?

Opplyse studenten om kor dei skal dei skal vende seg om særordningar til eksamen og anna, ut frå handlingsplanen for inkluderande læringsmiljø. Må undervisningssituasjonen tilretteleggast på nokon måte?

PLANLEGGING AV UTDANNINGSLØP

Studenten skal søke å planlegge studieløpet sitt så langt som råd, men ein må ikkje legge plan for alle åra i studiet. Ein kan kome tilbake til ting seinare/neste semester.

Innpassingar
Progresjon

  • Planlegg ein avbrekk/permisjonar?
  • Vil ein måtte studere på deltid ei periode?

Valmodular/opphald andre stader

  • Når vil ein/kan ein legge inn utanlandskopphald/opphald ved annan institusjon
  • Kva valmodular vil ein ta når?
  • Praksis – om det er mogleg å påverke praksisstad
  • Vidare studium etter fullført grad/utdanning