Forbetring av bachelor, master og andre oppgåver

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)

Her kan du lese meir om kva moglegheiter ein har til å forbetre master- og bacheloroppgåver og andre oppgåver. 

Bachelor- og masteroppgåver

Ved karakteren F (ikkje stått), kan ein etter søknad få levere bachelor- eller masteroppgåva på nytt ein (1) gong. For at ein skal få levere bachelor- eller masteroppgåve på nytt, må oppgåva være heilt ny, eller så omarbeid at den kan reknast som ei ny oppgåve. For at oppgåva skal reknast som ei ny oppgåve må ein stille og gi svar på nye problemstillingar, og/eller: 

  • Trekke inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller 
  • Foreta ei vesentleg endra analyse og tolking av den opphavlege empirien

Ein kan ikkje forbetre ein bachelor- eller masteroppgåve dersom oppgåva er bestått. 

Ei ny/omarbeid oppgåve skal leverast seinast eit år etter første innlevering. Ein må søke avdelinga v/ dekan om utsetting dersom ein har behov for utvida tid. Søknaden må grunngjevast.   

Kva må ein gjere for å kunne levere ei ikkje bestått (karakteren F) bachelor- og masteroppgåve på nytt?   

  • Levere søknad til avdelinga v/dekan om å få levere bachelor- eller masteroppgåva på nytt.  
  • Søknad må leverast innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar), og ein melde deg opp til ny eksamen i Studentweb 
  • I søknaden må det gå fram kva endringar ein planlegg å gjere for at oppgåva skal reknast som ei ny oppgåve/omarbeida oppgåve.  
  • Søke om eventuell utsetting ved behov for utvida tid.  

Ny sensur ved bachelor- og masteroppgåver

Ved vurdering av ein slik oppgåve kan heile karakterskalaen nyttast, og kommisjonen skal ikkje gis informasjon om at bachelor- eller masteroppgåva tidlegare har fått F og at vedkommande har brukt ekstra tid. Om det er praktisk mogleg skal det setjast ein ny kommisjon.  

Andre oppgåver – semesteroppgåve m.fl

Ein kan levere forbetra versjon av ei ikkje bestått semesteroppgåve ein gong, så framt noko anna ikkje går fram av studie- eller emneplanen. Tilsvarande gjeld for ei bestått semesteroppgåve.  

Andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling kan også forbetrast ein gong dersom ikkje noko anna går fram av studie- eller emneplanen. 

Andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling kan til dømes være fordjupingsoppgåver eller andre oppgåver på 15 studiepoeng eller meir. Det gjeld berre oppgåver der ein individuelt har utforma problemstillinga.  

For at ein oppgåve skal reknast som ein forbetra versjon må ein foreta ei vesentleg endring av den opphavlege oppgåva. Det kan til dømes være at oppgåva: 

  • Inneheld svar på nye problemstillingar 
  • Bruk av nytt empirisk materiale (kjelder/data) 
  • Inneheld ei vesentleg endra analyse og tolking av den opphavlege empirien 


Kva må ein gjere for å kunne forbetre ei semesteroppgåve/ andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling?  

  • Melde deg opp til ny eksamen innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar).  
  • Ein må kontakte emneansvarleg for å avklare bruk av allereie innlevert oppgåve, og få ei fagleg avklaring på kva som må endrast for at oppgåva skal reknast som ein forbetra versjon.  

Gruppeoppgåver

Ved gruppeoppgåver er det ikkje mogleg å levere individuelt forbetra versjon. Dette gjer at ei eventuell forbetring må gjerast samla av heile gruppa.  

Studentane må melde seg opp til ny eksamen innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar). Studentane må også kontakte emneansvarleg for å avklare bruk av allereie innlevert oppgåve, og få ei fagleg avklaring på kva som må endrast for at oppgåva skal reknast som ein forbetra versjon.

Mappeeksamen

Ein kan levere forbetra versjon av ein mappeeksamen når den ikkje er bestått.  

Kva må ein gjere for å kunne forbetre ein mappeeksamen?  

  • Melde deg opp til ny eksamen innan gjeldande frist (1. september eller 1. februar).  
  • Ein må kontakte emneansvarleg for å avklare bruk av allereie innlevert studentarbeid, og få ei fagleg avklaring på kva del som må endrast for at mappeeksamen skal reknast som ein forbetra versjon. 

 

Frist for å forbetre ei bestått oppgåve

Dersom det er lenge sia ein har avlagt eksamen og fått ein karakter må det gjerast ei individuell vurdering av ein kan få forbetre karakteren din. Dette fordi pensum, forkunnskapskrav, prøvingsform m.m. kan ha vorte endra.  

Dersom ein skal forbetre ei oppgåve må ein følgje gjeldande emneplan. Dette kan bety at ein levere nye arbeidskrav for å kunne levere oppgåva di.  

Ny sensur – semesteroppgåver m.fl.

Ved vurdering av en slik oppgåve kan heile karakterskalaen nyttast, og kommisjonen skal ikkje gis informasjon om at oppgåva tidlegare har fått F og at vedkommande kandidat har brukt ekstra tid. Om det er praktisk mogleg skal det setjast ein ny kommisjon. 

Munnleg justerande eksamen

Når det er klart at ein har stroke på oppgåva, skal ikkje ein eventuell munnleg justerande eksamen gjennomførast. Dersom ein klagar på karakteren, gjeld retten til omarbeiding berre dersom klagekommisjonen opprettheld strykkarakteren. Får ein medhald i klaga på oppgåva, skal munnleg justerande eksamen gjennomførast på vanleg måte.   

Rettleiing

Ein har ikkje krav på ny rettleiing ved forbetring av bachelor-, master-, semester-, eller andre større oppgåver med individuelt utforma problemstilling.   

Behovet for meir rettleiing på bachelor- og masteroppgåver vurderast i samband med din søknad om innlevering av ny/omarbeid oppgåve. 

Avdelinga v/ dekan avgjer om ein skal få ytterlegare rettleiing, og kor mykje meir rettleiing ein eventuelt kan få.  

Forbetra versjon – fusk

Dersom ein har fått ei bachelor-, master-, eller anna større oppgåve annullert for fusk, kan ein ikkje levere forbetra versjon av oppgåva med same problemstilling. Ein må da skrive ei ny oppgåve.