Kontinuasjonseksamen
(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)
Kontinuasjonseksamen (konteeksamen) ved HVO gjennomførast i påfølgjande semester - veke 10 og veke 40. Det kan førekome unntak. Det vert ikkje oppretta kontinuasjonseksamen i emne som går ordinært i same semester.
Ta kontakt med studentsorvis@hivolda.no ved spørsmål knytt til kontinuasjonseksamen.
For å ha rett til kontinuasjonseksamen må du under ordinær eksamen ha:
- ein dokumentert medisinsk grunn/velferdsgrunn som hindra deg i frå å gå opp til ordinær eksamen
- ikkje bestått/karakter F på ordinær eksamen
- avbrudd under ordinær eksamen
Studentar utan utløysande rett kan melde seg til kontinuasjonseksamen innan fristen. Men eksamen blir berre arrangert dersom minst ein student med utløysande rett er meldt opp innan fristen.
Korleis og når melder eg meg til kontinuasjonseksamen?
Oppmeldingsfristen for kontinuasjonseksamen er den same som ved ordinær eksamen:
- 1. september for haustsemesteret
- 1. februar for vårsemesteret
Du som student må sjølv hugse å melde deg opp til kontinuasjonseksamen innan fristen. Er du aktiv student på studiet og har rett til kontinuasjonseksamen, kan du melde deg opp i Studentweb i etterkant av at resultatet til ordinær eksamen er kunngjort. Du kan også melde deg opp ved å fylle ut skjema for oppmelding til kontinuasjon.
Du har ikkje rett til kontinuasjonseksamen dersom du:
- ikkje har møtt til eksamen (trekk etter frist)
- ikkje er meldt opp til ein ordinær eksamen (trekk før avmeldingsfrist)
- har fått annullert eksamen pga. fusk
- ønskjer å forbetre ein stått karakter (her er det eigne retningslinjer)
Kva skal til for at kontinuasjonseksamen vert gjennomført?
For at det skal arrangerast kontinuasjonseksamen, må minst ein student med rett til kontinuasjonseksamen være meldt opp til eksamen innan fristen. Studentar som ønskjer å forbetre karakter kan melde seg til kontinuasjonseksamen. Oppmeldinga vert trekt frå eksamen, om det ikkje vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som har rett til ein slik eksamen.
Kontinuasjonseksamen gjennomførast hovudsakleg med den same vurderingsforma som siste ordinære eksamen. Det kan gjerast unntak av omsyn til praktiske eller faglege grunnar.
I emne som er utgått og som har gjennomføring av siste gongs eksamen i påfølgande semester skal det leggast til rette for at alle kvalifiserte studentar kan få melde seg opp til eksamen (både studentar som vil forbetre karakteren, studentar som har karakteren F/«ikkje bestått», gyldig fråvær, levert blankt, eller ikkje møtt.)
Dersom det framleis er studentar som har karakteren F/«ikkje bestått» eller gyldig fråvær, skal det settast opp ein siste kontinuasjonseksamen, men til denne avviklinga kan berre studentar med F/«ikkje bestått», annullert eksamen og gyldig fråvær melde seg opp.