Opptak til studium
(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)
Her kan du lese om korleis søkarar vert rangert og kva krav som vert stilt til opptak ved Høgskulen i Volda.
Korleis vert poengutrekning og rangering til mastergradsutdanning gjort?
Til mastergradsutdanning vert poengutrekning og rangering gjorde på grunnlag av gjennomsnittskarakterar frå fullført og bestått grunnutdanning. Krav om minimum gjennomsnittskarakter C frå grunnutdanning tilsvara minimum 2,5 karakterpoeng.
Omrekning av karakterar frå grunnutdanninga vert gjord etter ein gradert skala, slik:
Det kan gjevast tilleggspoeng for relevant praksis og fullført høgare utdanning ut over opptakskravet. Dette går fram av gjeldande studieplan for studieprogrammet det vert søkt opptak til.
Kva er krava til vurdering av realkompetanse?
Ved søknad til grunnutdanning må søkjar vere 25 år eller eldre i opptaksåret og ha minimum eitt år vidaregåande utdanning utover grunnskulen.
Ved søknad til utdanning på mastergrads-nivå må søkjar vere 28 år eller eldre i opptaksåret og ha minimum eitt år relevant høgre utdanning på lågare grads nivå.
Søkjar må grunngi kvifor han/ho søkjer studiet, motivasjonen og eiga oppfatning av kva det vil krevje å gjennomføre studiet. Søkjar må ha nødvendige faglege føresetnader for å kunne gjennomføre studiet på normert tid. Dette vert m.a. vurdert ut frå korleis tidlegare studium er gjennomført, kursdeltaking, samfunnsarbeid og attestar/referansar frå arbeidsgjevar.
Søkjar må ha minst 5 års fulltids skule- og/eller yrkespraksis. Utdanning, organisasjonsarbeid eller liknande kan erstatte inntil 2 av desse 5 åra. Minst 3 år må vere relevant praksis i høve til den utdanninga det vert søkt opptak til.
Deltidsarbeid vert rekna om til tilsvarande heiltidsarbeid.
Søkjar må dokumentere tilstrekkeleg kunnskap i norsk og engelsk til å kunne gjennomføre studiet. Søkjar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk på nivå med kravet som inngår i generell studiekompetanse.
Kva spesielle opptakskrav kjem i tillegg når eg søker med realkompetanse? (Grunnutdanning)
Til utdanningar i sosial- og helsefag: sosionom og barnevernspedagog
Søkjar må dokumentere kunnskap på nivå med kravet som inngår i studiekompetansefag frå vidaregåande skule i norsk, engelsk og samfunnsfag.
Relevant praksis kan vere: arbeidspraksis innan helse-, omsorgs-, sosial- og undervisningssektoren eller tilsvarande, der søkjaren har arbeidd med elevar, pasientar eller klientar. Relevante yrkesretta fagbrev.
Til utdanningar i samfunnsfag, administrasjon og planlegging
Søkjar må dokumentere kunnskap på nivå med kravet som inngår i studiekompetansefaga frå vidaregåande skule i norsk, engelsk og samfunnsfag.
Relevant praksis kan vere: arbeid frå skule, barnehage, organisasjonsarbeid, administrativ røynsle frå offentleg eller privat sektor eller politisk røynsle.
Til utdanningar i historie og religion/livssyn
Søkjar må dokumentere kunnskap pånivå med kravet som inngår i studiekompetansefag frå vidaregåande skule i norsk og samfunnsfag, og historie for studium i historie.
Relevant praksis kan vere:
Historie: frå kultursektoren, museum, arkiv eller liknande.
Religion og livssyn: Organisasjonsarbeid frå t.d. ungdomsarbeid og kyrkjelydsarbeid.
Til utdanningar i språk og litteratur
Søkjar må dokumentere generell studiekompetanse i det aktuelle språkfaget.
Relevant praksis kan vere: assistent i skule, bibliotek m.m., arbeid i utlandet.
Til utdanningar i estetiske fag: Musikk - design, kunst og handverk - drama/teater
Søkjar må dokumentere kunnskap på nivå med kravet som inngår i studiekompetansefag frå vidaregåande skule i norsk.
Relevant praksis kan vere:
Musikk: Røynsle i utøving av musikk, til dømes ulike former for musikkopplæring i skuleverket, kulturskulen eller frivillig musikkliv (kor, korps, orkester eller privat undervisning mm.). Søkjar kan bli kalla inn til intervju og/eller prøvespeling.
Design, kunst og handverk: Ulike handverksutdanningar, assistentarbeid i skule/barnehage, annan praksis frå kunst og/eller handverk.
Drama/teater: Assistentarbeid i skule/barnehage, deltaking i amatørteater, praksis frå kulturskule, frivillig arbeid for barn og unge. Søkjar kan bli kalla inn til intervju og prøvespel.
Til utdanningar i idrett og friluftsliv
Søkjar må dokumentere kunnskap på nivå med kravet som inngår i studiekompetansefag frå vidaregåande skule i norsk.
Relevant praksis kan vere: Trenarerfaring frå barne- og ungdomsidrett, speidar-/turleiar, friluftsliv/idrett frå t.d. folkehøgskule, kurs.
Til utdanningar i medie- og journalistikkfag: journalistikk, PR, kommunikasjon og medieproduksjon
Søkjar må dokumentere kunnskap på nivå med kravet som inngår i studiekompetansefaga i norsk, engelsk og samfunnsfag.
Relevant praksis kan vere:
Journalistikk: journalistisk praksis
PR, kommunikasjon og media: t.d. informasjonsarbeid, kommunikasjonsarbeid, journalistisk arbeid, medieproduksjon
Medieproduksjon: Praksis frå medierelatert produksjon eller design
Til utdanning i Animasjon
Søkjar må dokumentere kunnskap på nivå med kravet som inngår i studiekompetansefaga frå vidaregåande skule i norsk og engelsk. Innsending av arbeidsprøver, intervju og opptaksprøve på lik line med dei andre søkjarane.
Relevant praksis kan vere: erfaring frå formgiving, animasjon eller film. Relevant anna utdanning som fagskular, kurs m.m.
Til lærarutdanningar: barnehagelærarutdanning
Det vert kravd bestått eksamen i studiekompetansefag frå vidaregåande skule i norsk.
Relevant praksis for barnehagelærar kan vere: Yrkesfaglege utdanningsløp, t.d. barne- og
ungdomsarbeidarutdanning. Erfaring som omfattar rettleiing, undervisning og omsorg for born, t.d. praksis frå arbeid i barnehage, skule, skulefritidsordningar eller anna pedagogisk verksemd.
Kva spesielle opptakskrav kjem i tillegg når eg søker med realkompetanse? (Mastergradsstudium)
Mastergrad i Undervisning og læring (erfaringsbasert)
Søkjar må ha ein type lærar-, barnehage-/førskulelærar-, eller anna pedagogisk grunnutdanning. Søkjar må dokumentere fagkrava til kvar enkelt spesialisering. Ein må dokumentere minst to år relevant pedagogisk praksis.
Relevant praksis kan vere: andre relevante utdanningar som barnevernspedagog, vernepleiar osv.
Mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing
Søkjar må ha minst eitt år relevant høgare utdanning innan relevante fagområde.
Relevant praksis kan vere: lang røynsle som leiar/sakshandsamar el.l på overordna nivå.
Mastergrad i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering
Søkjar må ha minst eitt års relevant høgare utdanning.
Relevant praksis kan vere leiande helse- eller sosialfagleg arbeid eller undervisningspraksis.
Mastergrad i nynorsk skriftkultur
Søkjar må ha minst 90 studiepoeng høgre utdanning i relevante fag, t.d. norsk, der minst 20 studiepoeng må vere på fordjupingsnivå.
Relevant praksis kan vere: leiarerfaring frå skuleverket eller kultursektoren.
Mastergrad i Kulturmøte
Søkjar må ha minst 90 studiepoeng høgre utdanning i relevante fag der minst 20 studiepoeng må vere på fordjupingsnivå med karakterkrav minst C.
Relevant praksis kan vere: leiarerfaring innan fagfelta religion eller historie.
Master in Media Practices
Søkjar må ha minst eitt år relevant høgare utdanning.
Relevant praksis kan vere innan t.d. animasjon, dokumentarfilm, journalistisk arbeid eller medieproduksjon.
Korleis blir søkjarar rangert og vurdert til realkompetanse?
Høgskulen skal danne seg eit heilskapleg bilete av kvar enkelt søkjar og på individuelt grunnlag vurdere søkjar sin faglege føresetnad til å kunne fullføre utdanninga på det nivået det er søkt opptak til. Vedtak vert gjort i samråd med fagleg ansvarleg eller i opptakskomitè for kvart studium.
Høgskulen kan kalle inn søkjar til intervju og/eller eventuelt opptaksprøve. Ved rangering av realkompetansesøkjarar vert det lagt vekt på:
• Omfang av relevant praksis og utdanning i høve til utdanninga det vert søkt opptak til.
• Studiekompetansefag og karakterar.
• Søkjar sin motivasjon og eiga oppfatning om kva han/ho trur studiet vil krevje.
• Grunngivinga til søkjaren om kvifor han/ho meiner å kunne gjennomføre studiet.
• Omfang av annan praksis.
Høgskulen kan i spesielle høve, etter ei heilskapleg vurdering, gi ein søkjar studieplass sjølv om ikkje alle vilkåra for opptak er oppfylte.
Søkjarar som får godkjent realkompetanse for eit studium, men som ikkje får tilbod om studieplass i hovudopptaket, blir sette på venteliste. Eventuelle tilbod til dei på venteliste skal vurderast opp mot dei andre søkjargruppene.
Godkjent realkompetanse i eitt studium tyder ikkje automatisk godkjenning for anna studium. Søkjarar som kvalifisera til opptak på annan måte vil ikkje bli realkompetansevurdert.
Kan eg klage på vedtaket?
Søkjar kan be om grunngjeving for/og eller klage på vedtaket etter Forvaltningslova § 29. Spørsmål om grunngjeving eller klage kan ein rette til Høgskulen i Volda.
Klage kan ein rette til Høgskulen i Volda, og vert handsama av Høgskulen si nemnd for studentsaker.
Korleis blir søkjarar vurdert til PPU allmennfag?
Søkjarar som blir tatt opp på praktisk-pedagogisk utdanning på bakgrunn av fullført mastergrad med minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, får tilbod om fagdidaktikk i undervisningsfaget med flest studiepoeng. Søkjarar som har eit undervisningsfag på minimum 60 studiepoeng i tillegg til masterfaget, kan få tilbod om ekstra spesifikk fagdidaktikk i dette faget. Dette er avhengig av om HVO gir tilbod om fagdidaktikk i faget, om søkjar ønsker det og om det er praktisk mogleg.
Som eit midlertidig unntak, kan søkjarar som blir tatt opp på praktisk-pedagogisk utdanning på bakgrunn av fullført bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag, få tilbod om fagdidaktikk i det praktisk-estetiske faget kandidaten har 120 studiepoeng i. Dette gjeld også om dei har eit tilleggsfag utover bachelorgraden.
Vert søkjarane rangert?
Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag prioriterer vi søkjarar slik, og rangerer og fordeler søkjarar innan fag Høgskulen i Volda tilbyr fagdidaktikk i:
A. Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og minst to relevante undervisningsfag.
B. Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag med eitt relevant undervisningsfag med minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget.
C. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad innan utøvande eller skapande kunstfag, eller idrett og kroppsøvingsfag som har minst 120 studiepoeng i eitt av desse, og har karakter C (3,0) eller betre. Og har i tillegg andre relevante undervisningsfag.
D. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad innan utøvande eller skapande kunstfag, eller idrett og kroppsøvingsfag som har inntil tre praktisk-estetiske fag og minst 120 studiepoeng i eitt av desse, og har karakter C eller betre.
Søkjarar vert i tillegg rangert på grunnlag av vekta gjennomsnittskarakter frå relevant utdanning i opptaksgrunnlaget.
Søkjarar med tilsetjing på vilkår kan prioriterast ved opptak.
Korleis blir søkjarar vurdert til PPU yrkesfag?
Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande tre grunnlag:
- Fullført fem-årig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.
- Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.
- Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.
Vert søkjarane rangert?
Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag prioriterer vi slik:
- Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.
- Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.
- Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og yrkespraksis.
Søkjarar vert i tillegg rangert på grunnlag av vekta gjennomsnittskarakter frå relevant utdanning i opptaksgrunnlaget.
Søkjarar med tilsetjing på vilkår kan prioriterast ved opptak.