Opptak til studium

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 01.02.2025)

Her kan du lese om korleis søkarar vert rangert og kva krav som vert stilt til opptak ved Høgskulen i Volda. 
 

Realkompetanse - frist for søknad

Lokalt opptak: Søk seinast 1. mars til haustopptaket og 1. desember til våropptaket. Legg ved ein merknad i søknaden din.

Søknadar om realkompetanse mottatt etter fristen vert berre handsama om vi har kapasitet.

Kva er krava til vurdering av realkompetanse til bachelor og årsstudium?

For å bli vurdert for realkompetanse gjeld følgjande krav til at søkjar: 

  • manglar generell studiekompetanse 
  • fyller 25 år eller meir i opptaksåret 
  • har minimum eitt år vidaregåande skule utover grunnskulen
  • kan dokumentere 5 års yrkeserfaring, der minimum 3 år må vere relevant for studiet
  • kan dokumentere norsk, engelsk og matematikkferdigheiter på eit nivå som er tilstrekkeleg for studiet

Opptak basert på realkompetanse er ei individuell vurdering av di kompetanse. Er du 25 år eller meir i opptaksåret og manglar generell studiekompetanse kan du bli vurdert som kvalifisert til eit bestemt studium eller fag/emne dersom du gjennom yrkespraksis, organisasjonserfaring, ubetalt arbeid, formell utdanning, etterutdanning eller anna kan dokumentere at du har den nødvendige kompetansen til å gjennomføre studiet.

Yrkespraksis 

For å bli vurdert på grunnlag av realkompetanse, krevst det fem års arbeidserfaring på fulltid (deltidsarbeid blir rekna om til fulltid). Minimum må du ha tre års arbeidserfaring frå offentleg eller privat verksemd innan fagområde som er relevante for det aktuelle studiet du har søkt. Inntil to av dei fem åra kan bli erstatta av:

  • relevant utdanning eller kurs
  • relevant ulønt arbeid (tillitsverv, organisasjonsarbeid m.m.)
  • omsorg for eigne barn (kan telle med inntil eitt år)
  • militærtjeneste (førstegongsteneste, kan telle med inntil eitt år)

Du dokumenterer arbeidspraksis med ein attest der varigheita og omfanget (i timar per veke eller stillingsprosent) av arbeidet kjem fram.

For søkjarar som ikkje har hatt høve til å gjennomføre praksis (til dømes på grunn av sjukdom eller liknande), kan dette dekke heile eller delar av kravet om praksis.

Du må dokumentere den nedsette arbeidsevna di med attest frå sakkunnig, til dømes frå lege, eller kopi av vedtak frå NAV. Attesten må innehalde informasjon om at du er, eller har vore, heilt eller delvis (i prosent) arbeidsufør, og i kva periodar du har vore det. Vedtak om arbeidsavklaringspengar blir godkjent som dokumentasjon, så lenge vedtaket inneheld opplysningar om i kor stor grad du har nedsett arbeidsevne.

Kva spesielle opptakskrav kjem i tillegg når eg søker med realkompetanse? (Grunnutdanning)

Tabell: Studiespesifikke fag og eksempel på praksis 

Utdjuping av faglege føresetnadar 

Norskkrav:

  • det krevjast minimum norskkunnskapar på vg2-nivå frå yrkesfagleg utdanningsløp (tilsvarande 112 årstimar i Kunnskapsløftet eller 4 veketimar i Reform94). Faget må vere bestått med karakteren 2 eller betre. 

Engelskkrav:

  • det krevjast minimum engelskkunnskapar på vg1-nivå frå yrkesfagleg utdanningsløp (tilsvarande 84 årstimar i Kunnskapsløftet eller 2 veketimar i Reform 94). Faget må vere bestått med karakteren 2 eller betre. 

Annan utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar kan bli godkjent som likeverdig. 

Søkjar med utdanningsbakgrunn frå land utanfor Norden må dokumentere norsk og engelsk på nivå med generell studiekompetanse.

 

Kva spesielle opptakskrav kjem i tillegg når eg søker med realkompetanse? (Mastergradsstudium)

Søkjarar som er 25 år eller eldre, og som ikkje oppfyller kravet om fullført bachelorgrad (180 studiepoeng), kan få opptak dersom dei på grunnlag av realkompetanse har dei nødvendige kvalifikasjonane for eit studium, jf. lov om universitet og høgskular § 8-2. Opptakskrava kjem fram i dei ulike fag- eller studieplanane.

Høgskulen i Volda vil vurdere søkjaren sine kvalifikasjonar med omsyn til det faget han eller ho ønskjer å studere. Det er viktig at søkjaren har dei faglege føresetnadane for å gjennomføre det aktuelle studiet utan å ha fullført ei bachelorgrad.

For opptak på grunnlag av realkompetanse til vidareutdanning eller masterstudium krevst det at søkjaren kan dokumentere kompetanse som er på same nivå som det formelle opptakskravet, samt at søkjaren har eventuell yrkespraksis som inngår i opptakskravet. Alle som søkjer om opptak på grunnlag av realkompetanse, må tilfredsstille minimumskrava. Ved enkelte studium er det krav om praksis.

Faglege krav:

Høgare utdanning:

Du må dokumentere minst to år (120 studiepoeng) frå relevant høgare utdanning. Der det er krav om karaktersnitt frå formell utdanning, må du som realkompetansesøkjar ha eit tilsvarande karaktersnitt. 

Du må dokumentere relevant praksis der det er krav om dette. Sjå opptakskravet. 

Krav til praksis

For å erstatte eit års studium, krevst relevant arbeidserfaring som er godkjent og tilsvarar 100 % stilling i minst tre år. Dersom realkompetanse på grunnlag av arbeidserfaring skal erstatte delar av opptaksgrunnlaget for masterstudium, må arbeidserfaringa vere frå leiarstillingar eller andre stillingar med sjølvstendig ansvar.

Korleis vert poengutrekning og rangering til mastergradsutdanning gjort?

Til mastergradsutdanning vert poengutrekning og rangering gjorde på grunnlag av gjennomsnittskarakterar frå fullført og bestått grunnutdanning. Krav om minimum gjennomsnittskarakter C frå grunnutdanning tilsvara minimum 2,5 karakterpoeng.
Omrekning av karakterar frå grunnutdanninga vert gjord etter ein gradert skala, slik:

Omrekning av karakterar frå grunnutdanninga vert gjort slik

Det kan gjevast tilleggspoeng for relevant praksis og fullført høgare utdanning ut over opptakskravet. Dette går fram av gjeldande studieplan for studieprogrammet det vert søkt opptak til.

Korleis blir søkjarar rangert og vurdert til realkompetanse?

Høgskulen skal danne seg eit heilskapleg bilete av kvar enkelt søkjar og på individuelt grunnlag vurdere søkjar sin faglege føresetnad til å kunne fullføre utdanninga på det nivået det er søkt opptak til. Vedtak vert gjort i samråd med fagleg ansvarleg eller i opptakskomitè for kvart studium.

Høgskulen kan kalle inn søkjar til intervju og/eller eventuelt opptaksprøve. Ved rangering av realkompetansesøkjarar vert det lagt vekt på:

•    Omfang av relevant praksis og utdanning i høve til utdanninga det vert søkt opptak til.
•    Studiekompetansefag og karakterar.
•    Søkjar sin motivasjon og eiga oppfatning om kva han/ho trur studiet vil krevje.
•    Grunngivinga til søkjaren om kvifor han/ho meiner å kunne gjennomføre studiet.
•    Omfang av annan praksis.

Høgskulen kan i spesielle høve, etter ei heilskapleg vurdering, gi ein søkjar studieplass sjølv om ikkje alle vilkåra for opptak er oppfylte.

Søkjarar som får godkjent realkompetanse for eit studium, men som ikkje får tilbod om studieplass i hovudopptaket, blir sette på venteliste. Eventuelle tilbod til dei på venteliste skal vurderast opp mot dei andre søkjargruppene.

Godkjent realkompetanse i eitt studium tyder ikkje automatisk godkjenning for anna studium. Søkjarar som kvalifisera til opptak på annan måte vil ikkje bli realkompetansevurdert.

Korleis blir søkjarar vurdert til PPU allmennfag?

Søkjarar som blir tatt opp til praktisk-pedagogisk utdanning på bakgrunn av fullført mastergrad med minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, får tilbod om fagdidaktikk i undervisningsfaget med flest studiepoeng.

Som eit midlertidig unntak frå masterkravet kan søkjarar bli tatt opp på bakgrunn av fullført bachelorgrad på eitt av følgjande grunnlag:

  • Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag.
  • Bachelorgrad i praktiske og estetiske fag med minimum 120 stp i faget og minst snittkarakteren C (3,0) i graden.
  • Bachelorgrad og minst 60 stp i eitt relevant undervisningsfag, og minst to års relevant praksis frå skuleverket. 
  • Bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Ein må i tillegg ha minimum 60 studiepoeng i eitt anna undervisningsfag. Det er krav om snittkarakter C (3,0) eller betre frå bachelorgraden.

Søkjarar som har fleire undervisningsfag på minimum 60 studiepoeng, kan få tilbod om spesifikk fagdidaktikk i inntil to fag. Dette er avhengig av om HVO gir tilbod om fagdidaktikk i faget, om søkjar ønskjer det, og om det er praktisk mogleg.

Vert søkjarane rangert?

Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag vert søkjarar rangert slik: 

A.   Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og minst to relevante undervisningsfag. 
B.    Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag med eitt relevant undervisningsfag med minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget.
C.   Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og som har fleire relevante undervisningsfag med minst 60 stp.
D. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad med minst eitt relevant undervisningsfag på 60 stp. 

Søkjarar vert i tillegg rangert på grunnlag av vekta gjennomsnittskarakter frå relevant utdanning i opptaksgrunnlaget.

Søkjarar i kategori C og D kan i tillegg få 1 poeng per år for dokumentert relevant arbeidserfaring, med inntil 5 ekstrapoeng.

Søkjarar med tilsetjing på vilkår kan prioriterast ved opptak.

Korleis blir søkjarar vurdert til PPU yrkesfag?

Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande tre grunnlag:

  • Fullført fem-årig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.
  • Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års relevant yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, t.d. fagskule/høgare utdanning.
  • Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis. To år av læretida kan inngå i praksiskravet. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.

Vert søkjarane rangert?

Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag prioriterer vi slik:

  1. Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.
  2. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med relevant undervisningsfag for vidaregåande skule.
  3. Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og  yrkespraksis.

Søkjarar vert i tillegg rangert på grunnlag av vekta gjennomsnittskarakter frå relevant utdanning i opptaksgrunnlaget.

Søkjarar med tilsetjing på vilkår kan prioriterast ved opptak.

Reservering av studieplass

Det er berre mogleg å reservere studieplass etter at ein har fått opptak til ei grunnutdanning ved Høgskulen i Volda. Ved søknad om reservering av studieplass gjeld dei same reglane som Samordna Opptak har for grunnutdanningar. Søknadsskjema er tilgjengeleg her.

Bytte av studium

Godkjent realkompetanse gjeld berre for eit særskilt studium ved ein bestemt lærestad. Det er ikkje mogleg å søkje om bytte av studium eller lærestad på grunnlag av godkjent realkompetanse ved eit anna studium.

Dersom du har fått opptak til same studium på bakgrunn av realkompetanse meir enn fire gongar, og du ikkje har fullført emne, vil du ikkje få opptak til same studium på bakgrunn av realkompetanse.

Tidleg opptak

Søkjarar til haustsemesteret i lokalt opptak på masterprogram på minimum 60 studiepoeng eller meir, kan innan gitt frist søkje om tidleg opptak når dei andre vilkåra er oppfylte.  

Kan eg klage på vedtaket?

Søkjar som ikkje får godkjent vedtaket, har krav på grunngjeving. Krav om grunngjeving må fremjast innan tre veker etter at søkjaren mottar beskjed om vedtaket, jf. forvaltningslova § 24.

Søkjar har vidare rett til å klage på vedtak om avslag, i samsvar med forvaltningslova § 28. Klaga må fremjast innan tre veker etter at søkjaren er gjort kjent med avslaget. Dersom søkjaren har bedt om grunngjeving for vedtaket, er klagefristen tre veker etter at søkjaren mottar grunngjevinga.

Klaga kan rettast til Høgskulen i Volda.