Obligatorisk frammøte

Nokre studier har obligatorisk frammøte og du må i slike tilfelle oppfylle kravet til frammøte for å kunne gå opp til eksamen. Dersom det er slike krav i studiet du går, vil dette gå fram av emneplanen. I dei tilfella det ikkje er nemnt i emneplanen er kravet 80 prosent frammøte i emnet. 

I slike fag vert det ført logg over frammøte til den enkelte student, og du har sjølv ansvar for å halde deg orientert om fråværet ditt. Det kan også bli gjennomført kontroll på frammøte i klasseromma. 

Fråværet vert utrekna på planlagt undervisning. Dette betyr at om planlagt undervisning vert avlyst, får alle studentane godkjent frammøte. Du må som student akseptere at undervisning kan bli flytta, men melding om dette må vere gitt minst ei (1) veke på førehand. 

Høgskulen i Volda nyttar NOA som verktøy for registrering av frammøtet. Informasjon om systemet NOA og bruken av dette finn ein her.
 

Kva gjer du om du ikkje har fått registrert frammøtet mitt?

Dersom du av ulike årsaker ikkje får registrert frammøtet ditt i NOA, er det ditt eige ansvar å be faglærar om å bli etterregistrert innan utgangen av inneverande undervisningsøkt. Dersom du ikkje gir beskjed innan denne fristen, vert ikkje frammøte registrert i ettertid.

Når kan du søke om dispensasjon frå frammøtet?

Dersom du av særlege grunnar ikkje klarar å innfri kravet om obligatorisk frammøte i eit emne, kan du søke dispensasjon frå kravet innan rimeleg tid før undervisningsperioden er over. Særlege grunnar betyr medisinske grunnar eller velferdsgrunnar, og søknaden må vere dokumentert med attest frå lege eller annan sakkyndig. Innlevering av søknaden gjerast til dekan ved avdeling og må leverast slik at det er tid til å handsame den og ved positivt svar må det vere tid nok igjen av undervisningsperioden til å vurdere anna fagleg arbeid som erstatning.

Du kan også søke om fritak frå heile eller delar av kravet om obligatorisk frammøte dersom du har tillitsverv ved Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden i Volda, samt verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar. Dette gjeld også dersom du har plikter i offentleg valde organ. 
 

Kva skjer om du ikkje klarar kravet om frammøtet i eit emne?

Dersom du ikkje klarar å innfri kravet om obligatorisk frammøte i det enkelte emne, er konsekvensen at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet. 

Du må då melde deg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring. 
 

Har du klagerett dersom du ikkje får godkjent frammøte?

Dersom du ikkje klarar å innfri kravet om obligatorisk frammøte vil du få eit vedtak frå Høgskulen i Volda om at du ikkje får gå opp til eksamen. Eit slikt vedtak utløyser klagerett for deg. Klagen din må vere skriftleg og leverast til emneansvarleg innan ei veke etter at du fekk meldinga om ikkje godkjent frammøte.

Når klage på at ikkje godkjent obligatorisk deltaking er motteken, vert dette vurdert på nytt. Om vedtaket bli oppretthalde går saken til Nemnda for studentsaker ved Høgskulen i Volda for vidare handsaming.