Permisjon

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)

Du har moglegheit til å søke om permisjon frå studiet ditt dersom du ikkje har moglegheit til å følgje undervisning og ta eksamen for ei periode, eller om du ønsker å ta ein pause i studiet. 

Kven kan få permisjon?

Rett til dokumentert permisjon

Du har rett til å få permisjon i samsvar med Lov om universiteter og høyskoler § 4-3d og § 4-3e.
Dette gjeld når du har dokumentert følgande behov:  

  • Du får eigne barn (fødsel og adopsjon) under studiet 
  • Du skal avtene verneplikt eller teneste i forsvaret 
  • Du har studentpolitiske verv 
  • Ved andre særlege tilhøve  
    • Til dømes dersom du er toppidrettsutøvar 
    • Eigen sjukdom, eller sjukdom hos ektefelle/sambuar og eigne barns sjukdom

Slik permisjon skal innvilgast så lenge behovet tilseier det.

Permisjon utan dokumentert grunn

Du som student kan søkje permisjon utan grunngjeving. Dette kan du gjere for inntil to semester. Det er ikkje høve å få innvilga permisjon utan grunngjeving første semester ved førstegangsopptak til bachelor- eller mastergrad.  

Permisjon for utdanning ved annan utdanningsinstitusjon

Du kan også søkje om permisjon frå HVO for å ta valfrie delar av utdanninga ved ein annan utdanningsinstitusjon. 

Når må eg søkje permisjon - tidsfrist? 

HVO har ikkje nokon fastsett frist for søknad om permisjon frå studiet, men du bør søkje i god tid før planlagt permisjon. Dersom det er mogleg bed vi om at du søkjer innan 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.  

Permisjon vert normalt berre gjeve for fulle semester. Du kan søkje om permisjon for minimum  eit semester og maksimum to semester om gongen. Du held på studieplassen medan du er i permisjon. Du kan normalt berre ha til saman eit års permisjon frå studiet, men unntak kan til dømes bli gjeve ved sjukdom, teneste etter forsvarslova § 17 eller verv ved studentpolitiske organ.  

Ved eventuelt behov for kortare fråvær/permisjon, f.eks. i forbindelse med repetisjons-/heimevernstenester eller andre særlege tilfelle, kan det søkast om gyldig fråvær ved eksamen eller obligatorisk undervisning.  

 

Dokumentasjon

For å få innvilga permisjon må du ha nødvendig dokumentasjon, slik som:  

  • Legeerklæring  
  • Stadfesting på termindato/ fødselsattest/ dokumentasjon på adopsjon  
  • Innkalling til førstegongsteneste  
  • Dokumentasjon på verv  
  • Dokumentasjon på dei faglege omsyna som er oppgitt som grunn  
  • Dokumentasjon på forholda som er oppgitt som grunn 
  • Studie-/ emneplan for eit planlagt studium  

Slik søkjer du permisjon

Fyll ut søknadsskjema og legg ved relevant dokumentasjon.  

Søknadsskjema for permisjon finn du i Studentsørvis si oversikt over skjema

Søknaden vert handsama så snart som mogleg. I periodar med lang sakshandsamingstid, vil du få eit foreløpig svar frå oss innan 1 månad frå søknadsdato.  

Kontakt studentsorvis@hivolda.no dersom du har spørsmål om permisjon.  

 

Kva gjer du dersom søknaden vert avslått? 

Kva gjer du dersom søknaden vert avslått? 

Du kan klage dersom du får avslag på søknaden din. Om du har tilleggsopplysningar kan du sende inn desse på nytt. 

Dersom Studieadministrasjonen ikkje finn grunnlag for å gjere om på vedtaket, vert saken sendt til Nemnda for Studentsaker for klagehandsaming og endeleg avgjerd.  

 

Studierett og betaling av semesteravgift 

Permisjon betyr normalt at du ikkje nyttar studieretten din i eit heilt semester og berre er passiv student.  

Ved permisjon skal du derfor normalt ikkje semesterregistrere deg eller betale semesteravgift i det aktuelle semesteret.   

Dersom du har fått permisjon etter Lov om universiteter og høyskoler § 4-3 d og § 4-3 e, kan du  gå opp til eksamen i emne du ikkje fekk tatt før permisjonstida viss du oppfyller vilkåra for å gå opp til eksamen og krav om forkunnskapar. For å ta ein slik eksamen, må du betale semesteravgift og melde deg til eksamen innan fristen. 

Moglege konsekvensar for utdanningsplanen din

I permisjonstida kan det verte endringar i studie- og/eller emneplanen, til dømes endring av pensum, arbeidskrav, eksamensform, studiepoeng m.m.  

Når du er i permisjon er du sjølv ansvarleg for å halde deg orientert om endringar i fristar og reglar for studie- og/eller emneplanar, og for å gjere fagval.  

Du må sjølv melde frå om når du kjem tilbake til studiet. Dersom du ikkje gjer det kan du miste studieplassen din. Om du ikkje kjem tilbake til studiet etter permisjonen må du sende ei skriftleg oppseiing til Studieadministrasjonen.  

Ta kontakt med studium@hivolda.no for nærmare rettleiing.  

Lånekassen 

Du må sjølv varsle Lånekassen om at du tek permisjon dersom du får stønad frå dei som du ikkje lenger skal ha. Du varslar på «Dine Sider» på lanekassen.no. 

Om du har fått permisjon og du vert forsinka på grunn av sjukdom, fødsel eller nedsett funksjonsevne, vert du ikkje rekna som fagleg forsinka av Lånekassen. Sjå meir informasjon her.