Politiattest

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)

Nokre av våre utdanningar har krav om politiattest for å delta i praksisopplæring. Årsaka til at Høgskulen i Volda krev politiattest er å sørge for at studentar som kjem i kontakt med barn og unge ikkje skal vere sikta, tiltalt eller dømt for relevante brot på straffelova.

Kven må ha politiattest?

Alle som vert tatt opp til studie der ein kan kome i kontakt med personar under 18 år må levere gyldig politiattest. Det vil ikkje vere mogleg å delta i praksis eller andre situasjonar der ein kjem i kontakt med personar under 18 år utan at ein har levert ein slik attest. Du finn informasjon om eventuelle krav om politiattest på informasjonssidene til kvart enkelt studie.

Korleis søke om politiattest?

Dersom du skal gå på eit studie der det er krav om politiattest er den raskaste måten å bestille dette på direkte i frå Studentweb. 

Du kan lese meir om både bestilling av politiattest og innsending av politiattest til Høgskulen i Volda på nettsidene for semesterregistrering.

Pass på at attesten din ikkje er for gamal før du sender inn. Den må ikkje vere eldre enn 3 månadar.
 

Kva er fristen for innlevering av politiattest?

Det er ulike fristar for innlevering av politiattestar:

•    Dersom du har merknad på politiattesten skal du sende denne til Høgskulen i Volda innan 3 veker etter du har fått plass på studiet.
•    Dersom du ikkje har merknadar på politiattesten din skal du levere inn politiattesten seinast ved fastsett utdanningsstart.
•    Dersom du får plass på studiet mindre enn 14 dagar før skule start eller etter studiestart, skal du legge fram politiattesten seinast 3 veker etter at du har fått melding om plass på studiet. 
 

Har du merknadar på politiattesten?

Dersom du har merknadar på politiattesten din, må du sende attesten til Høgskulen i Volda seinast 3 veker etter at du har mottatt tilbod om studieplass. Merknad på politiattesten kan føre til at du ikkje få delta i den planlagde praksisopplæringa.

Politiattesten med merknad vil bli handsama i Nemnda for studentsaker ved Høgskulen i Volda, som skal avgjere kor vidt studenten kan delta i planlagd praksis. Nemnda vurderer om omsynet til personane under 18 år talar for at du må stengast ute frå praksisstudiet. 

Søkarar som har merknad på politiattesten, har rett til juridisk bistand i høve Lov om Universiteter og høyskoler § 4-9 sjuande ledd. 
 

Kor lenge er politiattesten gyldig?

Politiattesten er som hovudregel gyldig så lenge du har aktiv studierett på det studiet du har fått opptak til. Høgskulen i Volda kan be deg om å levere inn ny attest i løpet av studietida. 

Korleis veit eg at politiattesten er registrert?

Etter at du har semesterregistrert deg og betalt semesteravgift, vil du sjå på startsida StudentWeb om attesten er registrert eller ikkje.