Praksisstudium

(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)

Skal du ut i praksis er det ein del generelle reglar, rettar og plikter. På denne sida er det ulike tema som alle må kjenne til om praksis. Det kan og vere ulikt korleis praksis er i det enkelte studium, du må sjølv gjere det kjent med retningslinjer og rutiner for praksis på ditt eige studium.

Har du praksisstudium i sosialt arbeid kan du lese meir om dette på denne sida.

Har du praksisstudium på PPU kan du lese meir om dette på denne sida.

Har du praksisstudium på GLU kan du lese meir om dette på denne sida

Har du praksisstudium på BLU kan du lese meir om dette på denne sida

Treng eg politiattest?

Alle som vert tatt opp til studie der ein kan kome i kontakt med personar under 18 år må levere gyldig politiattest. Det vil ikkje vere mogleg å delta i praksis eller andre situasjonar der ein kjem i kontakt med personar under 18 år utan at ein har levert ein slik attest.

Du kan lese Høgskulen i Volda si retningslinje for politiattest her
 

Har eg teieplikt?

Studentar som er ute i praksis er underlagt same form for teieplikt som dei yrkesutøvarane som arbeider på staden, jf. Universitets- og høgskulelova § 4-6. Som følgje av dette må du underteikne ei erklæring om teieplikt før du startar i praksis. 

Det er viktig at du har god kunnskap om reglane for teieplikt, og at du ikkje delar verken informasjon eller bilete frå praksisplassen eller aktivitetar knytt til denne som kan medføre brot på teieplikta. 

Du signerer for teieplikta når du godkjenner utdanningsplanen din i Studentweb.

Kan eg få tilrettelagt praksis?

Dersom du har behov for særleg tilrettelegging i praksis som følgje av til dømes funksjonsnedsetting, sjukdom, graviditet eller amming, kan du sende søknad til Høgskulen i Volda om dette. 

Døme på tilrettelegging kan vere fysisk tilrettelegging under sjølve praksisperioden eller tilrettelegging for å amme. 

Høgskulen i Volda kan ikkje pålegge praksisinstitusjonane å tilrettelegge for deg med særskilte behov, men kan oppfordre til å gjere dette innanfor dei rammene den enkelte praksisinstitusjon har. Det vil heller ikkje vere aktuelt å gje tilrettelegging som fører til ein reduksjon av dei faglege krava som den enkelte utdanning stiller. 

Dersom du har behov for tilrettelegging nyttar du søknadsskjema for tilrettelegging som du finn her. Søknaden din må vere dokumentert med attest frå lege eller annan sakkunnig. Dokumentasjonen bør gje døme på kva tilrettelegging som kan vere aktuell for deg. 
 

Obligatorisk frammøte 

Minimumskrav på tal på praksisdagar er nedfelt i dei nasjonale rammeplanane. All aktivitet knytt til praksis, både førebuing, gjennomføring og etterarbeid, er obligatorisk. Fråværsdagar i praksis må takast att. 

Kva er skikkavurdering?

I utdanningar som er underlagt forskrift om skikkavurdering skal det gjennomførast løpande skikkavurdering. Dette vil seie ei kontinuerleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnader for å kunne utøve yrket. 

Dersom det under studiet oppstår tvil om ein student er skikka til yrket, vert ei særskilt skikkavurdering. Denne vurderinga startar med ei tvilsmelding. Alle som er i kontakt med studentar kan levere tvilsmelding, til dømes praksislærar, faglærarar, studentar og praksisfeltet. For den som ikkje består praksis innan dei utdanningane som er underlagt forskrift om skikkavurdering skal Høgskulen i Volda vurdere om det er grunnlag for å levere inn tvilsmelding. 

Ein student kan blir vurdert som uskikka for yrket ein studerer til, dersom studenten utgjer ein mogleg fare for fysisk og psykisk helse, rettar og tryggleik eller livet til barn og unge under 18 år studenten vil kome i kontakt med under praksis eller framtidig yrkesutøving. 

Kva skjer om eg skadar meg under praksis?

Dersom skade skjer under praksis, er det praksisplassen som har arbeidsgivaransvar for studentane og studentane har dei same rettane som andre tilsette på praksisplassen. Praksisstaden følg opp studenten etter eigne retningslinjer for handtering av slike saker.

Praksisstaden sitt skademeldingsskjema må fyllast ut snarast der eventuelle vitner, skildring av hending og kva skade som har oppstått skal med. Skademeldingsskjemaet leverast til leiinga på praksisstaden. Praksisstaden informerar høgskulen om hendinga og korleis det er blitt følgt opp.

Ved skade på studentar i praksisstudium kjem studentane inn under Folketrygdens bestemmelser om ytelser ved yrkesskader. Arbeidsgivar, institusjonen eller den skadelidde sjølv har plikt etter folketrygdlova kap.13 snarast å sende skademelding til NAV når ein student blir påført lekamsskade eller sjukdom som kan gi rett til yrkesskadedekning (bruk skjemaet NAV 13-07.05).
 

Har eg klagerett på praksis?

Du som student har ikkje klagerett på eit vedtak om ikkje godkjent praksis. Dette er vist til i både forskrift om opptak. Studium og eksamen ved Høgskule i Volda § 6-8 ellevte ledd, samt i Universitets og høyskoleloven § 5-3 femte ledd. 

Dersom du meiner det er gjort formelle feil i høve din praksis, kan du klage på dette. Eit døme på slike feil kan vere mangelfull rettleiing. Ei slik klage må leverast skriftleg innan tre (3) veker etter at du er kjend med forholda som er grunnlag for klagen. 

Dersom du får medhald i klagen din vil du få høve til å gjennomføre ny praksisperiode. Det er ikkje høve å endre sluttvurderinga av den avslutta praksisperioden. 

Dersom du ikkje får medhald i klagen din er det Nemnda for studentsaker som vurderer som det har skjedd ein formell feil ved praksisen og dei gjer endeleg vedtak i saka.