Tilrettelegging av studiekvardagen

Har du behov for tilrettelegging i samband med studia dine? Ein tilpassa studiekvardag kan gi deg betre moglegheiter for å gjennomføre studiet ditt. 

I universitets- og høyskoleloven står det at alle universitet og høgskuler skal ha eit læringsmiljø som sikrer studentanes helse, sikkerheit og velferd. HVO har difor laga ein handlingsplan for inkluderande læringsmiljø, som skal syte for at mellom anna undervisningslokalar, campusområda, digitale verktøy og nettsider skal kunne nyttast av alle studentar. HVO har som målsetting at alle studentar skal få dei same utdanningsmoglegheitene, og vi arbeider difor med universell utforming og individuell tilrettelegging. 

HVO tilbyr fleire former for tilrettelegging og tiltak, og tilrettelegginga er delt i to hovuddelar: Tilrettelegging av eksamen og tilrettelegging av studiekvardagen.

  • Tilrettelegging av eksamen: Viss du har behov for tilrettelegging av eksamen finn du meir informasjon og søknadsskjema her
  • Tilrettelegging av studiekvardagen: Informasjonen på denne nettsida handlar om tilrettelegging av studiekvardagen, og du finn søknadsskjema lengre ned på sida.

Hensikta med individuell tilrettelegging er å gje alle studentar dei same utdanningsmoglegheitene og å fjerne unødige hindringar. Viss du har behov for tilrettelegging, er usikker på om du har rett på tilrettelegging eller har spørsmål knytta til tilrettelegging av studiekvardagen vil vi gjerne høre fra deg! Ta kontakt på tilrettelegging@hivolda.no 

 


 

Kva kan du få tilrettelagt?

For å få individuell tilrettelegging av studiekvardagen må du levere inn ein søknad til oss. Søknadar om tilrettelegging blir vurdert individuelt. I søknaden må du sette ord på kva behov du har, gjerne i samarbeid med din lege/psykolog eller annen behandlar. Når vi skal planlegge tilrettelegginga ser vi på dine behov og dei faglege krava på studiet ditt. det varierar kva slags tilrettelegging som er mogleg på forskjellege studiar. Dei fleste tiltaka har vi ansvar for, og andre er det NAV, Lånekassen eller andre som tilbyr. 

 

Døme på tilretteleggingstiltak vi tilbyr

RETTLEIINGSSAMTALE

Når du har sendt inn ei søknad om tilrettelegging tek vi kontakt med deg for ein prat.

Viss du er usikker på kva du har behov for, tenkjer vi høgt saman og saman finn vi ut kva som kan vere riktige tiltak for deg. 

TILTAK KNYTT TIL UNDERVISNINGA

Saman med forelesar, emneansvarleg eller andre frå studiet ditt kan vi finne fram til læysingar knytt til undervisninga. Døme på dette kan vere fleire pausar, at du får presentasjonar i god tid før forelesning, spesialstol eller oppfølging frå forelesar.

TILTAK KNYTT TIL ARBEIDSKRAV

Viss du ikkje kan levere eit arbeidskrav innan fristen, kan du søkje om utvida frist. Du må søkje før den opphavelege innleveringsfristen. Søknaden må vere grunngjeven, og skal leverast til emneansvarleg for emnet. 

Viss det er utfordrande for deg å ta til deg tilbakemeldingar på arbeidskrava du leverer, kan vi sjå på moglegheitene for å få ekstra gjennomgang av tilbakemeldingane eller få tilbakemeldingar skriftleg i staden for munnleg (eller omvendt).

PRAKSIS

Viss du blir sjuk eller forhindra frå å gjennomføre planlagd praksis, kan vi  saman med praksisansvarleg vurdere om du kan gjennomføre seinare. Viss du har behov for å ha praksis på bestemte stader, kan du kontakte praksisansvarleg så tidleg som mogleg for å sjå på løysingar. 

DISPENSASJON FRÅ FRAMMØTEKRAV

Viss du av særskilte grunnar ikkje har nok frammøte/deltaking i eit emne, kan du søkje om dispensasjon innan rimeleg tid før undervisningsperioda er ute. Særskilde grunnar kan vere både medisinske grunnar eller andre velferdsgrunnar. Søk om dispensasjon til avdelinga der emnet går og legg ved attest frå lege eller annan sakkunnig. 

Du kan bli pålagt fagleg(e) arbeid som erstatning for det opphavelige frammøtekravet. 

Ta kontakt med emneansvarleg for emnet du tar for meir informasjon. 

TILGONG TIL BIBLIOTEKET VIA HEIS

Viss du treng å nytte heis for å kome deg til andre høgda i biblioteket kan du sende ein e-post til eigedom@hivolda.no

Dette er døme på nokre av tilretteleggingstiltaka som monge av studentane våre har godt nytte av, men det er også andre tiltak og former for tilrettelegging som vi kan få til. Rettleiingssamtalane er ein fin måte å finne ut av kva det er du har behov for og kva vi kan få til. 

Tilrettelegginga skal ikkje redusere faglege krav i studiet ditt eller gje ein fordel samanlikna med medstudentane. Tilrettelegginga kan normalt ikkje gje fritak frå obligatorisk frammøte eller praksis. Vi kan heller ikkje gje fritak frå obligatoriske delar av ei utdanning, og tilrettelegginga må ikkje føre til at delar av studiet ikkje er bestått. Difor kan vi ikkje alltid innvilge nøyaktig det du bwer om, men vi jobbar saman med deg for å finne så gode og tilstrekkelege løysingar som mogleg. 

Ta kontakt, så ser vi etter løysingar i lag. Tilretteleggingsrettleiar har teieplikt, og deler ingenting med andre viss du ikkje ynskjer det.  

Korleis søkjer du?

Du finn søknadsskjema for tilrettelegging av studia her: 

Vi treng dokumentasjon av behova dine eller eventuell diagnose med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunning. Det er viktig at det kjem fram av dokumentasjonen kva funksjonsnedsetting eller spesielle behov du har, og gjerne kva type tilrettelegging som kan vere til hjelp for deg. Du kan gjerne ta med dette følgebrevet til den som skal skrive dokumentasjonen: Følgebrev nynorsk / følgebrev bokmål

Du loggar inn med BankID for å fylle ut søknaden, og dokumentasjon som du legg ved blir behandla sikkert digitalt. 

Andre velferdstilbod 

Individuell tilrettelegging av studia er ei avtale som gjerast mellom deg som student, fagmiljøet på studiet ditt og Studieadministrasjonen ved HVO. I tillegg til individuell tilrettelegging kan du som student også nytte deg av andre veldferdstilbod for studentar ved HVO, og desse kan du lese meir om her:

NOKON Å SNAKKE MED?

Det er mykje som skjer i livet gjennom studietida som gjer at det er fint å ha nokon å tenkje høgt saman med. Du kan booke time til samtale hos studentrådgjevarane Eli Anne og Sigbjørn, studenthumanist Lone eller studentprest Ruth-Eva. Alle har teieplikt og vil gjerne at du tek kontakt om du treng nokon å snakke med - om stort eller smått.

Du kan lese meir om samtaletilbodet og dei du kan snakke med her

 

STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA: HELSETILBOD FOR STUDENTAR

Studentsamskipnaden har fleire ulike tenester og støtteordningar for å ta vare på helsa til studentane i Volda. Her finn du studentrådgjevar, psykologisk helseteneste, informasjon om helsefond og informasjon om helsestasjon for studentar. Du kan lese meir om dette her

HØGSKULEBIBLIOTEKET

Biblioteket ved HVO har ei eige nettside med informasjon og tips om akademisk skriving. Her finn du mellom anna læringsvideoar, informasjon om korleis man refererar, ein podkast om akademisk skriving og informasjon om aktuelle nettkurs. 

Biblioteket har også ei rettleiingsskranke for akademisk skriving. Her kan du få hjelp med litteratursøk og kjeldebruk, og du er velkomen med både store og små spørsmål. Rettleiingsskranken er open kvar tysdag og torsdag mellom kl. 11:30 og 14:00. Det er berre å stikke innom i opningstida, du treng ikkje avtale tid.  

AUTOTEKST

HVO har inngått avtale med UiO om tilgang til tenesta Autotekst. Autotekst er eit verktøy for å transkribere lyd- og videoopptak til tekst. Autotekst nyttar modellen NB Whisper, som har ei betre forståing av norsk tale og norske dialektar enn liknande program som til dømes ChatGPT.

NB Whisper er óg er trent på innhald i Nasjonalbiblioteket si digitale samling og på språkressursar frå Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket.

For å bruke Autotekst må du logge deg inn med Feide-kontoen din her.

rådgjevarar knytt til studentvelferd
Studentrådgiver Eli Anne, studenthumanist Lone og studentprest Ruth Eva.

Ressursar og hjelpemiddel frå andre

Her finn du ei oversikt over forskjellege ressursar, hjelpemiddel og støtteordningar frå andre aktørar som kan vere til nytte for deg i studietida.

UTVIDA STØTTE FRÅ LÅNEKASSEN

Har du nedsatt funksjonsevne eller andre utfordringar som gjer at du ikkje kan jobbe ved sidan av studia, kan du søkje tilleggsstipend frå Lånekassen. Dette gjeld i studieåret, eller om du ikkje kan ha sommarjobb. Du kan lese meir om tilleggsstipendet her.

Viss du blir sjuk i meir enn to veker når du studerer kan du få sjukestipend. Dette vil seie at lånet ditt blir gjort om til stipend for den perioden du er sjuk. Du kan lese meir om ordninga her.

LYDBØKER OG E-BØKER FRÅ TIBI - BIBLIOTEKET FOR TILRETTELAGT LITTERATUR

Tibi (tidlegare Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, NLB) er eit nasjonalt bibliotek med lyd- og blindeskriftbøker, og også ein del e-bøker. Studentar med syns- eller lesevanskar kan låne tilrettelagt studielitteratur. Tilbodet er gratis og for studentar på universitet, høgskule eller fagskule. Du kan lese meir på Tibi si nettside for studentar.

LESE- OG SKRIVESTØTTEPROGRAM

Lingdys er eit program som er utvikla for personer med dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar. Programmet er på norsk og engelsk, og hjelper deg  med rettskriving, val av riktig ord og opplesing av tekst.
Viss du har dokumenterte lese- og skrivevanskar kan du søkje NAV om å få gratis tilgang til programmet.

Du kan lese meir om ordninga og søknadsprosessen på Lingit sine heimesider.

Lingit har også laga ein video om korleis du kan søkje lese- og skrivestøtte frå NAV.

Tilretteleggingsrettleiar kan hjelpe deg med å søkje Lingdys.

MENTOR VIA NAV

Mentor er eit tilbod til studentar som får utdanningsstøtte frå NAV. Ein mentor er ein student som du kan prate om studiet og fag med, ein støttespelar som kan hjelpe deg med planlegging og struktur i kvardagen. Mentor kan også hjelpe deg med å forstå akademisk skriving og korleis du best kan førebu deg til eksamen.

Du kan lese meir om dette tilbodet på NAV sine nettsider

HJELPEMIDDEL FRÅ NAV

Viss du har eit varig behov (over 2 år) for hjelpemidlar, kan du kontakte NAV hjelpemiddelsentral i det fylket der du er folkeregistrert.