Skjema

Her finn du søknadsskjema du kan få bruk for som student

Søknadsskjema knytt til eksamen

Skjema for oppmelding til kontinuasjonseksamen:

Søknad om tilrettelegging av eksamen: 

Dokumentasjon for fråvær på eksamen:

Treng du tilrettelegging av studieløpet? Søknadsskjema finn du under overskrifta "Søknad om tilrettelegging av studieløpet".

Viss du treng tilrettelegging av både eksamen og studieløp, må du sende inn begge skjemaa. 

Søknad om tilrettelegging av studieløpet

Utfordringar i kvardagen kan vere krevjande og verke inn på studia dine, og då vil vi gjerne prøve å legge til rette. Anten det gjeld lese- og skrivevanskar, nedsett syn eller høyrsel, sjukdom, svangerskap eller andre utfordringar. Hensikta med tilrettelegging er å gje alle dei same moglegheitene og fjerne unødige hindringa. Du kan lese meir om tilrettelegging av studieløpet her.

Treng du tilrettelagt eksamen? Søknadsskjema finn du lengst opp på sida.

Viss du treng tilrettelegging av både studieløp og eksamen, må du sende inn begge skjemaa. 

Det er ingen søknadsfrist for søknadar om tilrettelegging av studieløpet. 

Søknad om godkjenning av tidlegare utdanning

Har du utdanning frå før som du trur passar inn i studiet du skal ta på HVO? Då kan du søkje om godkjenning. Godkjenning er ein fagleg vurdering av om du har oppnådd eit bestemt fagleg nivå. Dette betyr at læringsutbyttet må vere likt det som krevjast for tilsvarande emne du skal ta ved HVO.

Om du får godkjent emne du har tatt tidlegare betyr det at du kan få fritak for eitt eller fleire emner i studieprogrammet ditt. Det betyr at ein søknad om godkjenning av tidlegare utdanning ikkje kan vurderast før etter at du har fått studieplass og registrert deg som student ved HVO. 

Du kan søkje om å få godkjent emne inn i den valfrie delen av utdanningsplanen din, og/eller å få erstatta obligatoriske emne i studiet ditt med tidlegare utdanning.  

Har du fått opptak til eit studie med oppstart hausten 2024? Då må du vente med å søkje om innpass av tidlegare emne til du har registrert deg som student ved HVO i starten av august. 

Det er ingen søknadsfrist for søknadar om innpass av tidlegare utdanning.

Søknad om studiepermisjon

Du kan søkje om permisjon frå studiet ditt dersom du ikkje har moglegheit til å følgje undervisning og ta eksamen for ei periode, eller om du ønsker å ta ein pause i studiet. Les meir om studiepermisjon her.

Det er ingen søknadsfrist for søknadar om studiepermisjon.

 

Søknad om overgang frå årsstudium til bachelorgrad

Ordninga om overgang gjeld for studieprogram innafor det same fagområdet, til dømes frå musikk årsstudium til bachelorgradsstudium i musikk. 

Om du får innvilga overgang, misser du studieretten på det gamle studieprogrammet og får tildelt ny studierett på det nye studieprogrammet. 

Søkndadsperiode: 1. november til 20. mars 

Søknad om fri bachelorgrad

Ein fri bachelorgrad er ein grad du kan setje saman sjølv, innanfor nokre faste rammer. For å kunne få ein fri bachelorgrad frå Høgskulen i Volda må du ha tatt minst 60 av studiepoenga som skal inngå i graden her.

Graden må vere på minst 180 studiepoeng og skal innehalde: 

  • Ei eining med fagleg fordjupning på minst 80 studiepoeng i eit fagområde, der minimum 20 av desse studiepoenga må vere på fordypningsnivå
    • Eller eit integrert studium på 120 studiepoeng
  • Minst 30 studiepoeng i eit anna fagområde enn den faglege fordjupninga
  • Eit sjølvstendig arbeid knytt til fordjupningsdelen på minimum15 studiepoeng, til dømes ei bacheloroppgåve

Har du allereie ei utdanning på minst tre år som tilfredsstiller krava? Då kan du søkje om å få den godkjent som ein fritt samansett bachelorgrad og få vitnemål.

Det er ingen søknadsfrist for søknad om fri bachelorgrad. 

Søknad om fri bachelorgrad - nynorsk

Søknad om fri bachelorgrad - bokmål 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-tysdag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset