Tilrettelegging

Utfordringar i kvardagen kan vere krevjande og verke inn på studia dine. Viss du har særskilte behov eller ei funksjonsnedsetting kan du ha rett på tilrettelegging av studia, og då vil vi gjerne prøve å legge til rette - anten det gjeld lese- og skrivevanskar, nedsett syn eller høyrsel, sjukdom, svangerskap eller andre utfordringar. Hensikta med tilrettelegginga er å gje alle dei same moglegheitene og fjerne unødige hindringar. 

Som student kan du ha rett på tilrettelegging av lærestad, eksamen, læremidlar og lærested. Tilrettelegginga skal sikre at du får studere med færre ulemper, utan at det blir ein fagleg fordel.

På Høgskulen i Volda kan du få tilrettelegging av eksamen, tilrettelegging av studiekvardagen - eller tilrettelegging av begge deler.

Her kan du lese meir om korleis vi kan tilrettelegge eksamen og studiekvardagen, og korleis du søkjer:

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset