Studierettleiing

Den som skal velje utdanning har mange spørsmål, og det kan vere mykje å setje seg inn i. Vår oppgåve er å høyre kva du ønskjer hjelp med, gi informasjon og/eller hjelpe deg med å sortere tankane dine. Noko kan du få svar på direkte, andre gonger viser vi vidare til andre som sit med kunnskap på sine felt, eller til nettsider og annan informasjon.

Vanlege spørsmål omhandlar til dømes:

  • Oppbygging av utdanning – kva kan eg og kva skal eg bli?
  • Omskolering – korleis kan eg endre retning?
  • Spørsmål knytt til regelverk

Ta også kontakt om du har sjukdom, allergi, dysleksi eller anna som gjer at du møter hindringar i studiet ditt. Sei frå om kva som kan hjelpe akkurat deg, så kan vi kanskje finne løysingar før problema veks! Sjå tilrettelegging

Ta kontakt med Studentsørvis om dette er aktuelt for deg. Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset, sjå kart
 

Kontakt 70 07 50 18 eller e-post Studentsørvis

Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset