Utstyr og programvarer for nettstudentar

Før du startar på eit studium med nettsamlingar må du sjekke at du har det som trengst av utstyr og programvare.

Sjekk emne- og studieplanen og den praktiske informasjonen for kvart studietilbod for å finne ut kva læringsverktøy du skal bruke som nettstudent. 

Canvas er det digitale læringsmiljøet til Høgskulen i Volda, og alle studentar skal bruke dette programmet. I Canvas legg undervisningspersonalet ut innhaldet i kurset, og dei kan også presentere fagstoff i tekst, lydfil eller video der. Det er og mogleg med studentaktivitetar der, som til dømes diskusjonstrådar, quizar, samskrivingsvertøy eller andre verktøy for å variere undervisninga. 

Merk at studentar med Feide-innlogg på arbeidsplassen sin, må huke av for "Høgskulen i Volda" før innlogg med Feide til Canvas. 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset