Hjelp knytt til studia
Vi som jobbar på Studentservice og i Biblioteket er ekspertar på å rettleie deg dersom du står fast i løpet av studietida. Om du treng ekstra tilrettelegging i studiekvardagen og på eksamen, eller du er usikker på kva rettar du har? Ta kontakt, så hjelper vi deg vidare!
Canvas - læringsplattform
Canvas er det digitale læringsmiljøet til Høgskulen i Volda, og er bindeleddet mellom lærarar og studentar.
Ressursar
Studentsørvis
Dette er gjengen som kan hjelpe deg med det meste. Vi sit i første etasje i Berte Kanutte-huset. Er du ikkje på høgskulen, får du hjelp på telefon eller e-post med alt frå studieinnhald til praktisk informasjon.
Biblioteket
Biblioteket har kurs i studieteknikk og akademisk skriving, og kan hjelpe deg med alt frå referansar til å finne litteratur.
Tilrettelegging
Har du utfordringar som gjer studiedagen din litt vanskelegare? Vi hjelper deg med å legge til rette i kvardagen.
Studentombod
Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gje deg som student råd om kva rettar du har, knytt til studiesituasjonen din.