Kommunal økonomi, nettstudium
Studieprogrammet er retta mot offentleg sektor, og mot leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar og andre som ønskjer kompetanse og innsikt i økonomisk styring av kommunar. Studiet er frittståande, men kan etter søknad inngå som valfri del av bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. I kombinasjon med andre emne i bachelorstudiet er kommunal økonomi med på å komplettere ei utdanning som kan forsyne norsk offentleg forvaltning med allsidig utdanna sakshandsamarar, planleggjarar og leiarar.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har kunnskap om regelverk, rammevilkår og rutinar, t.d. i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.
Aktuelle tema:
- Kvifor lære økonomi?
- Slik fungerer kommuneøkonomien
- Planleggingsprosessen/involvering
- Juridisk rammeverk
- Offentleg vs. privat sektor
- Politikerrolle og administrasjonsrolle
- Kommuneorganisasjonen
- Økonomistyring
- Budsjett/økonomiplan
- Rekneskap/rekneskapsavslutning
- Inntektssystemet
- Resultatvurderingar/analyse/KOSTRA
- Nye løysingar - framtidsperspektiv
Studenten kan analysere og forstå kommunaløkonomiske tema, reflektere fagleg kring sentrale omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte.
Studenten kan bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng. Studenten kan vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar.
- Nettleksjonar.
- Streaming av enkelte forelesingar.
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav.
- Diskusjonsforum på nettet.
Det elektroniske klasserommet Fronter vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet startar med ei innføring i bruken av Fronter.
Emne | 2018 Vår |
---|---|
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Kr 4.000,-
I samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem