Vidareutdanning i musikk (vår)
Musikk opne emne (vår) inneheld MUS 104 - "Musikk for barn og unge 2".
Dette 15 st.p.emnet gir grunnlag for vidare studium i musikk. Det kan inngå i bachelor i musikk, og kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar. MUS 104 er også eit av fire emne (MUS 101, MUS102, MUS 103 og MUS 104) som til saman utgjer årsstudium i musikk.
Musikk, opne emne rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.
- MUS104 Musikk for barn og unge 2 gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. (Sjå emneplan for nærare info)
Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som:
musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innan musikkteknologi slik at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om sentrale metodar innan musikkutøving
- har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
- har kunnskap om musikk og helse
Studenten:
- har erfaring med utøving og tilrettelegging av musikk og har teoretisk kunnskap til bruk i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
- kan legge tilrette for utøving og bruk av musikk for ulike aldersgrupper.
Studenten:
- kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
- kan reflektere over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng.
- Førelesingar
- Digitale førelesingar
- Dialog gjennom samtale/refleksjon
- Gruppearbeid
- Utøving av musikk, individuelt og i grupper
- Individuelt arbeid
Emne | 2021 Vår |
---|---|
Valbare emner vår 2021 | 15 |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |