Examen philosophicum

Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)

Examen philosophicum skal gi deg innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Dei sentrale fagområda er filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.

Emnet kan inngå i bachelorgradar, og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta.

All undervisning og eksamen er nettbasert.

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 10 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan

Studieinnhald

Fagstoffet er delt i tre delar:

  • Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp.); oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
  • Etikk (3 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor moralfilosofien.
  • Vitskapsfilosofi (2 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet kan inngå i bachelorgradar, og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta.

Studieplan

Examen philosophicum (nettstudium)

Studieprogram: 
Examen Philosophicum (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
10
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie 

Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. 

Del 2: Etikk 

Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi

Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
  • har kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
  • har særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
Ferdigheiter

Studenten:

  • har tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar, og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium
  • har tileigna seg innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk
Generell kompetanse

Studenten:

  • har utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på
Organisering og arbeidsmåtar

Dette studieprogrammet inneheld berre eitt emne, EXP100N. Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar og undervisningsfilmar i Canvas. Det blir også lagt opp til møtepunkt i sanntid i Zoom mellom studentar og faglærarar. Det vert utarbeidd ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av oppgåvene. I løpet av semesteret skal kvar student skrive to oppgåver. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 1000 ord og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei to oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen. 

Examen philosophicum (nettstudium)
Navn: 
Examen philosophicum (nettstudium)
Emne2024 Haust
Emnet har oppstart både haust og vår
10
Ansvarleg
Mathias Nygaard, E: mathias.nygaard@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 10 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan
Løpande opptak

Søknadskode : 3917

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt