Vidareutdanning (bachelornivå)
Førebygge og stoppe nettmobbing
Studieprogrammet gir ei innføring i barns mediekultur og om utfordringar og farar barn kan møte på nett. Det er fokus på korleis du som lærer kan utvikle din egen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK), og bidra gjennom lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
Studieavgift kr. 2000,-.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 5,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Studieprogrammet tematiserer korleis du som lærar kan førebygge og handtere nettmobbing og andre krenkelsar. Barn sin interaksjon på sosiale media grip inn i skulekvardagen og er ei utfordring som lærarar må kunne handtere, men som mange føler at dei kan for lite om. Du vil lære kva som er ditt ansvar som lærar, og få konkrete tips og verktøy du kan bruke i din eigen skulekvardag. Les meir om emnet her.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet skal gi kunnskap om korleis du som lærer kan utvikle din egen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK), og bidra gjennom lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.