Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies
Høgskulen i Volda (HVO) er ein av dei fem medeigarane av den regionale forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (GRS), saman med Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger.
GRS skipar til to internasjonale forskingskurs per år, organisert etter konferansemodellen med opa påmelding og fagfellevurderte abstrakt. Gjennom aktivitetane i GRS får tilsette ved Institutt for musikk verdifull erfaring med nøkkelspørsmål innan musikkforsking og forskarutdanning i både akademiske og kunstnarlege forskingsparadigme på nasjonalt og internasjonalt nivå. Gjennom tilknytinga til GRS får musikkfagmiljøet ved HVO ei viktig plattform for utvikling og formidling av FoU-prosjekt og nettverksbygging på tvers av fagdisiplinar og institusjonar.
GRS var ein sentral initiativtakar for det vellukka Erasmus+-prosjektet Music4Change (2022–2025) med fokus på berekraftige mål om å skape nye former for mentorship i Ph.d.-utdanning og å redusere ulikskapar med omsyn til inkludering og mangfald, samt å belyse kunst og kunstfagleg forsking sin aktualitet for sentrale samfunnsmessige problemstillingar. Samarbeidspartnarane i prosjektet er Universitetet i Bergen, Aristotle University of Thessaloniki, University of Groningen, University of Edinburgh, NTNU, Gustav Mahler Privatuniversität für Musik, Creative Mentorship og The European Music Council.