Vidareutdanning (masternivå)

Helsefremjande samfunnsutvikling - med vekt på samarbeid og medverknad

Studiet skal gi kunnskap om ulike perspektiv på helsefremjande arbeid, medverknad, livsløpsperspektiv og ulike former for samarbeid. 

Start:
Vår
Omfang:
Deltid
Studiepoeng:
15,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (masternivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Emnet skal gjere studenten i stand til å identifisere - med eit kritisk blikk - korleis overordna perspektiva i praksis kan bidra til helsefremjande samfunnsutvikling. Kritisk refleksjon som tilnærming til læring, der eigne (praksis)erfaringar vert brukte i individuelle og gruppebaserte refleksjonar, er også viktige tilnærmingar i dette emnet. Emnet er relevant for arbeid med samfunnsutvikling generelt, men vil ha særleg søkelys på lokalsamfunnsutvikling. Les meir om emnet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt til to fysiske samlingar, kvar på tre undervisningsdagar.

Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesing og arbeid i grupper.

Det er forventa studentaktivitet både på og mellom samlingane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet inngår i Master i barnevernsarbeid, Master i helse- og sosialfag og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.