Vidareutdanning (masternivå)
Helsefremjande samfunnsutvikling
Studiet skal gi kunnskap om ulike perspektiv på helsefremjande arbeid, medverknad, livsløpsperspektiv og ulike former for samarbeid.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.11.2024
Studiet har løpande opptak.
Emnet skal gjere studenten i stand til å identifisere - med eit kritisk blikk - korleis overordna perspektiva i praksis kan bidra til helsefremjande samfunnsutvikling. Kritisk refleksjon som tilnærming til læring, der eigne (praksis)erfaringar vert brukte i individuelle og gruppebaserte refleksjonar, er også viktige tilnærmingar i dette emnet. Emnet er relevant for arbeid med samfunnsutvikling generelt, men vil ha særleg søkelys på lokalsamfunnsutvikling. Les meir om emnet.
Opptakskrav
1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.
- For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
- Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.
2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt til to fysiske samlingar, kvar på tre undervisningsdagar.
Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesing og arbeid i grupper.
Det er forventa studentaktivitet både på og mellom samlingane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet inngår i Master i barnevernsarbeid, Master i helse- og sosialfag og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
IPA312 Helsefremjande samfunnsutvikling
Samlingar vår 2025: veke 5 og 10. Undervisninga er lagt til to vekesamlingar, med tre undervisningsdagar, onsdag til og med fredag, og to studiedagar (måndag og tysdag) på kvar samling.
- Samling 1, veke 5: onsdag 29.- fredag 31. januar 2025
- Samling 2, veke 10: onsdag 5. - fredag 7. mars 2025
Fyrste undervisningsdag: onsdag 29. januar, kl 09:15, rom kjem.