Årsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Historie
I dette nettstudiet får du ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå antikken og fram mot vår tid. I tillegg får du grunnleggjande kunnskapar i teori og metode.

- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Heiltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 60,0
- Varigheit:
- 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Årsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan saman med anna utdanning kvalifisere for jobb innanfor mange forskjellige område. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar ved til dømes arkiv, bibliotek og museum hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen innanfor ei godkjent lærarutdanning.
Årsstudiet tilsvarer første året i Bachelor i historie ved Høgskulen i Volda og kan etter søknad godskrivast bachelorgraden. Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
Årsstudium i historie er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk på nettet.
Studieinnhald
Historiestudiet er sett saman av fire emne (15 stp.), tre obligatoriske og eitt valfritt. Studentar som vel eit fordjupingsemne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst to av grunnemna før oppstart. Tidspunkt for oppstart av emne vil gå fram av studieplanen. Dei valfrie emna vert tilbodne i anten vår- eller haustsemesteret.
Obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
- Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
- Kystkultur og kystsamfunn (haust)
- Spania - identitet, nasjon, region (haust)
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er nettbasert og all innlevering av oppgåveutkast skjer i Canvas. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Historie årsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda.
Det er mogleg å søke overgang til bachelorstudiet innan 20. mars. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i Historie.
Studieplan
Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved Høgskulen i Volda (HVO) skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i enkelte bachelorutdanningar ved HVO, andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studiet er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel studentane enten HI100N Historisk innføringsemne eller eitt fordjupingsemne (200-nivå). Oppstart på fordjupingsemne krev at minst to av dei obligatoriske grunnemna er fullført først. Studiet kan gjennomførast både som heiltids- og deltidsstudium. Heiltidsstudenten vel to emne pr. semester. Deltidsstudenten gjennomfører eitt emne pr. semester.
Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk på nettet.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår |
---|---|---|---|---|
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester | 15 | 15 | 15 | 15 |
15 | 15 | 15 | 15 | |
15 | 15 | 15 | 15 | |
15 | 15 | 15 | 15 | |
Etter å ha gjennomført to av oversynsemna ovanfor, kan studenten velje enten HI100N Historisk innføringsemne eller eitt av dei valfrie fordjupingemna på 200-nivå. | ||||
15 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |