Vidareutdanning (masternivå)
Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
Studiet plasserer seg i spennet mellom teori og praksis, og vil gi deg avansert kunnskap om innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid i kunnskapsbasert barnevernsarbeid.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.11.2024
Studiet har løpande opptak.
Kunnskap om innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid i møte med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er viktig kompetanse i barnevernet.
Det vert lagt vekt på korleis forskingsbasert kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap supplerer kvarandre og er grunnlag for kvalitativt betre praksis. Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er sentralt, i tillegg til etiske aspekt ved slikt arbeid.
Studiet er obligatorisk emne i Master i barnvernsarbeid og vil bli godkrive om du ønskjer seinare å søkje opptak til denne graden.
Opptakskrav
- Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
- Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.
- Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er organisert i samlingar, sjølvstudium, rettleia praksis og fagleg utviklingsprosjekt. Praksis og prosjektarbeid går føre seg parallelt.
Problemstillinga for prosjektet skal utarbeidast i lag med profesjonsutøvarar, barn og/eller foreldre ved praksisplassen. Arbeidet kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.
Høgskulen har gjennom sine samarbeidsavtalar tilgjengelege praksisplassar, men studenten kan søke om å få gjennomføre praksis på eigen arbeidsplass.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er obligatorisk emne i Master i barnvernsarbeid og vil bli godkrive om du ønskjer seinare å søkje opptak til denne graden.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Emnet BVA303 - Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid er organisert med 2 samlingsveker. Tysdag, onsdag og torsdag er undervisningsdagar med fysisk oppmøte. Måndag og fredag er studiedagar, der studentane får digitale opplegg i Canvas. Mellom dei to samlingane skal studentane gjennomføre 20 dagar med praksisstudium.
Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte er tysdag 14. januar 2025. Samlinga startar kl 09:15, rom kjem.
- Samling 1, veke 3: tysdag 14. - torsdag 16. januar 2025
- Samling 2, veke 12: tysdag 18. - torsdag 20. mars 2025