Vidareutdanning (bachelornivå)
Kommunal økonomi
Faget passar bra for leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar, bachelorstudentar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt i korleis kommunar handterer rekneskap, økonomiplan og budsjett. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene av dei ulike tema.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
I kommunal økonomi har vi dyktige forelesarar frå kommunar som kjenner fagfeltet svært godt. Dette er eit fag som i liten grad vert tilbode andre stadar. Utdanninga er difor etterspurt og gir eksklusiv kompetanse for jobbar der innsikt i kommunal sektor blir verdsatt.
Studieinnhald
Studieprogrammet gir kompetanse i økonomisk styring og styringsreiskapar i kommunar. Studentane får kunnskapar om regelverk, rammevilkår og rutinar, til dømes i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Vi nyttar e-læringsverktøyet Canvas for å kommunisere med studentane.
Dei 8 digitale forelesningane består alle av:
- Skriftlig nettleksjon
- Powerpointleksjon
- Videoleksjon
Desse vert liggande tilgjengelig i Canvas heile resten av semesteret etter publisering.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir relevant kunnskap som er etterspurd i offentleg sektor.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Dette er eit reint nettbasert studium utan fysiske eller digitale samlingar. Det er ingen krav til frammøte.
Studiet startar mandag 13. januar med ein nettleksjon som gir ein introduksjon til studiet kommunal økonomi. Ansvarleg for leksjonen er kommunedirektør i Volda kommune, Rune Sjurgard.
Pensum
Pensumlista finn du her.
Studieplan
Kommunal økonomi (nettstudium)
Studieprogrammet er retta mot offentleg sektor, og mot leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar og andre som ønskjer kompetanse og innsikt i økonomisk styring av kommunar. Studiet er frittståande.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha kunnskap om regelverk, rammevilkår og rutinar, t.d. i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.
Tema:
- Kvifor lære økonomi?
- Slik fungerer kommuneøkonomien
- Planleggingsprosessen/involvering
- Juridisk rammeverk
- Offentleg vs. privat sektor
- Politikarrolle og administrasjonsrolle
- Kommuneorganisasjonen
- Økonomistyring
- Budsjett/økonomiplan
- Rekneskap/rekneskapsavslutning
- Inntektssystemet
- Resultatvurderingar/analyse/KOSTRA
- Nye løysingar - framtidsperspektiv
Studenten skal kunne
- analysere og forstå kommunaløkonomiske tema
- reflektere fagleg kring sentrale omgrep, og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- bruke kunnskap om kommunal økonomi
- vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar
- Skriftlege nettleksjonar
- Videoopptak av enkelte forelesingar
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.
Emne | 2025 Vår |
---|---|
15 | |
Sum (15 total) | 15 |