Mastergrad Vidareutdanning (masternivå)

Kulturmøte

I dette deltidsstudiet utvikler du din forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auker den realhistoriske kompetansen og evna til å analysere kva funksjon og verdi kulturmøte har og har hatt.

Studentar av ulike religionar.
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
120
Varigheit:
8 semester (4 år)
Studietype:
Mastergrad Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå:
01.02.2025

Studiet har løpande opptak.

Med utgangspunkt i faga historie og religion, er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar, mellom anna internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, i forskings- og utgreiingsarbeid (FoU), i skuleverket og i medie- og informasjonsverksemder.

Vil du bruke utdanninga i skulen, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Studieinnhald

Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.

Obligatoriske emne:

  • Nasjon, kultur og religion
  • Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
  • Masteroppgåve i Kulturmøte

Valbare emne:

  • Brennpunkt Midtausten
  • Skule, religionsmangfald og sekularisering
  • Migrasjon, kjønn og religion
  • Mikrohistorie

Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre.

Opptakskrav
  • Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.
  • Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i graden.

Praksis og utveksling i utlandet

Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

I studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, vil eitt obligatoriske emne (Nasjon, kultur og religion) gå i haustsemesteret og det andre (Vitskapsteori og metode) gå i vårsemesteret. I dei to obligatoriske emna er undervisninga obligatorisk. Kvart semester tilbyr vi to valfrie emne. Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar :

  • Internasjonalt arbeid
  • Arbeid i organisasjonar og politiske parti
  • I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU)
  • I skuleverket
  • I medie- og informasjonsverksemd
  • I offentleg og privat forvaltning
  • I ABM-sektoren
  • Kultursektoren elles

Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

HAUST 2025

KUM301 Nasjon, kultur og religion

Undervisninga er samlingsbasert med fysisk oppmøte over ei veke, samt to dagar på Zoom. Samlinga føregår på Høgskulen i Volda. Oppmøte første dag, måndag . september kl. 09:15 på HS101 Selskapet (Hans Strøm huset). Det vil bli eit oppstartsmøte på Zoom 20. august 2025. Meir informasjon om dette i Canvas.

- Oppstartsmøtet: 20. august 2025 (på Zoom)
- Samling 1: veke 36: måndag 1/9 - fredag 5/9 - 2025, fysisk oppmøte på campus
- Samt måndag 8/9 og onsdag 10/9 - 2025 på Zoom

KUM309 Mikrohistorie

Undervisninga føregår digitalt over 2 veker med 3 dagar undervisning per veke.

- Samling 1: veke 37: måndag 08/09 - onsdag 10/09 - 2025
- Samling 2: veke 42: onsdag 15/10 - fredag 17/10 - 2025

KUM311 Mangfald, integrasjon og eksklusjon

Undervisninga er samlingsbasert over to veker. Det vil bli eit oppstartsmøte på Zoom 20. august 2025. Samlingane blir også gjennomførte på Zoom. Meir informasjon om dette i Canvas.

- Samling 1: veke 38: måndag 15/09 - onsdag 17/09 - 2025
- Samling 2: veke 42: måndag 13/10 – tysdag 14/10 - 2025

KUM306/KUM306D Masteroppgåve

Det blir gjennomført to oppgåveseminar på Zoom for studentar som arbeider med masteroppgåve.
- Seminar 1: 20. og 21. oktober (for studentar som skal levere masteroppgåva hausten 2025)
- Seminar 2: 17. og 18. november (for studentar som skal levere masteroppgåva våren 2026, eller seinare)

Studieplan

Kulturmøte - master (deltid)

Studieprogram: 
Kulturmøte - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav
  • Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre.

Om studiet

Studiet skal medverke til å utvikle kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auke den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum) og kultursektoren elles.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
  • avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
  • spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • finne fram i og vurdere kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
  • analysere eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytte dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
  • planleggje, avgrense og utforme eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
  • planleggje og gjennomføre nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet:

Studiet har obligatorisk frammøte i de to obligatoriske emna.

Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Kulturmøte - master (deltid)
Navn: 
Kulturmøte - master (deltid)
Praksis

Ingen praksis.

Ansvarleg
Inger Marie Okkenhaug