Vidareutdanning (bachelornivå)

Kunstig intelligens og vurderingsprosessar

Dette emnet gir deg ei innføring i korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i formative vurderingsprosessar. 

Bruk av kunstig intelligens i studiesituasjon
Start:
Haust
Omfang:
Nettstudium
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025

Studiet har løpande opptak.

Emnet vil gi deg innsikt i utfordringar, men også korleis KI kan støtte og påverke ulike vurderingsformer, inkludert skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, praktiske oppgåver og gruppeprosjekt. 

Målsettinga er å gjennom utviklingsarbeid sette læraren i stand til å vurdere om, når og korleis KI kan takast i bruk i formative vurderingsprosessar, for å støtte opp under elevane si læring. Ved slutten av emnet skal studenten vere i stand til å vurdere relevansen av å ta i bruk KIverktøy i formativ vurdering, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning. 

I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. 

Målgruppa for emnet er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. 

Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs. 

Les meir om emnet.

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er eit nettstudium, vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt
og i grupper. 

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.