Studiet er først og fremst retta mot deg som vil undervise i faget «Mat og helse» i grunnskulen.
Ramma for studiet er mat- og helsefaget sine samfunnsoppgåver i arbeidet med å fremje god helse, sosial trivsel og utjamning av sosiale skilnader.
Skulefaget «Mat og helse» er både eit teoretisk og praktisk fag, og du skal i samsvar med læreplanen lære å planlegge undervisning som tek vare på begge desse sidene av faget. I studiet vert det lagt vekt på at mat- og helselæraren er ein ressurs for arbeidet med mat og måltid i skulen.
Innblikk i studiekvardagen
Vis mer
Vis mer
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning eller tilsvarande
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng.
Undervisninga er organisert med fysiske samlingar på høgskulen kombinert med nettbasert undervisning.
Undervisninga er ein kombinasjon av nettbaserte førelesingar, praktisk arbeid i kjøkkenet på høgskulen og heime, studentpresentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Detaljar vert kunngjort i semesterplanane for dei to emna.
Arbeidskrav og vurderingsformer er nærare omtala i dei to emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som har ansvar for å planlegge og gjennomføre undervisning i mat- og helsefag på 1. til 10. årssteg.
Undervisninga er organisert i to samlingar med praktisk arbeid à to dagar per semester (torsdag kl. 11.00-18.00 og fredag kl. 09.00-15.00):
Torsdag-fredag 11. og 12. september 2025
Torsdag-fredag 20. og 21. november 2025
Forelesingar, rettleiing, arbeidskrav m.m. er nettbasert. Læringsplattformen Canvas vert nytta.
Digitale økter haust, måndagar kl. 18-20: veke 38-40 og 42-47.
Pensum
Pensumliste for første emne i studiet, MHE101 - Mat i et helseperspektiv, finn du her.
Studieplan
Mat og helse 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
Studieprogram:
Mat og helse 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
20
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
Godkjend lærarutdanning.
Om studiet
Studiet skal gje studenten kunnskapar og ferdigheiter i å undervise skulefaget mat og helse på 1.-10. årssteg. Ramma for studiet er mat- og helsefaget sine samfunnsmessige oppgåver i arbeid med å fremje god helse og sosial trivsel, og utjamne sosiale skilnadar.
Mat og helse er både eit teoretisk og praktisk fag, og studentane skal i samsvar med læreplanen lære å planlegge undervisning som tek vare på begge desse sidene av faget. Studiet legg vekt på at mat- og helselæraren også vil vere ein ressurs for skulens arbeid med mat og måltid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kunnskapar
Etter fullført studium skal studenten ha
kunnskap om ernæring og helse, og korleis ein kan arbeide helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv for ulike grupper
kunnskap om mat og måltid i perspektiv av kultur, religion, forbruk, etikk og berekraftig utvikling
kunnskap om matvarer og matkjemi, og korleis dette kan nyttast i tverrfagleg læringsarbeid
fagdidaktisk kunnskap som grunnlag for refleksjon og undervisning
Ferdigheiter
Etter fullført studium skal studenten
ha ferdigheiter om matlaging og handsaming av mat
kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
kunne leggje til rette for berekraftige praksisar på skulekjøkkenet
kunne planlegge og gjennomføre undervisning i mat og helse i skulen
kunne nytte digitale verktøy og ressursar i faget
Generell kompetanse
Etter fullført studium skal studenten
kunne reflektere over faget i eit tids- og samfunnsaktuelt perspektiv, og drøfte korleis faget kan bidra til å utjamne sosial ulikheit i helse
syne eit kritisk og reflektert forhold til helsefremjande, kulturelle og miljømessige aspekt ved faget ved vekt på folkehelse, livsmeistring, berekraftig utvikling og det fleirkulturelle samfunnet
kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget mat og helse, skulemåltidet, og faget som kontekst for tverrfagleg læringsarbeid
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Studiet er organisert med fysiske samlingar på høgskulen kombinert med nettbasert undervisning.
Undervisninga er ein kombinasjon av nettbaserte førelesingar, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, studentpresentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Detaljar vert kunngjort i semesterplanane for dei to emna.
Arbeidskrav og vurderingsformer er nærmare omtala i dei to emneplanane.
Det vert forventa at studentane har grunnleggjande kompetanse i bruk av digitale verktøy. Studentane må ha tilgang til kjøkken for gjennomføring av matfaglege aktivitetar på eiga hand.
Kostnader
Studentane må betale materialpengar i studieprogrammet, kr. 1000,- per emne, totalt kr. 2000,-