Vidareutdanning (bachelornivå)
Matematikk 1, 1.–7. trinn
Med vidareutdanning i matematikk får du ein etterspurd kompetanse i skulen. Dette deltidsstudiet er spesielt tilrettelagt for deg som er yrkesaktiv, og kombinerer nettundervisning med samlingar.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.
Det er studieavgift på kr 10 000 (kr 5 000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.
Studieinnhald
Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, geometri, måling og funksjonsomgrepet. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, begynnaropplæring, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (allmennlærar, barnehagelærar, faglærar eller PPU)
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga vil i hovudsak vere nettleksjonar (i læringsportalen Canvas) som studentane arbeider med asynkront. I tillegg blir det gitt tilbod om frivillige nettmøte som gir mulegheit til sanntidskommunikasjon m.a. med diskusjon og gjennomgang av oppgåver.
For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Både didaktiske og matematikkfaglege arbeidskrav inngår. Emnet i haustsemesteret har skriftleg eksamen, i vårsemesteret munnleg eksamen. Eksamen blir gjennomført i Volda.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kvalifiserer for undervisning i matematikk på 1.–7. årssteg i grunnskulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studieåret 2024-2025 er samlingane i Volda planlagt til desse datoane:
29.-30. august
16.-17. oktober
9.-10. januar
24.-25. mars
Med atterhald om at det kan bli gjort endringar.
Pensum
Pensumlister kan ein finne her – i første omgang for tidlegare år, rundt månadsskiftet mai/juni vil listene for hausten vere klare.
Studieplan
Matematikk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning, og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. klassesteget.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på barnesteget
- har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
- har kunnskap om bruk av digitale verktøy og programmering i matematikk
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet er i hovudsak nettbasert, men med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6) Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Studiet har ei studieavgift på kr. 10 000,- (kr. 5 000,- pr. emne) + semesteravgift.