Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 1, 5.–10. trinn

Med vidareutdanning i matematikk får du ein etterspurd kompetanse i skulen. Dette deltidsstudiet er spesielt tilrettelagt for deg som er yrkesaktiv, og kombinerer nettundervisning med samlingar.

Matematikk
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium Samlingar
Studiepoeng:
30,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.02.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Det er studieavgift på kr 10 000 (kr 5 000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, kombinatorikk, geometri, måling og funksjonslære. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk som Geogebra og rekneark.

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar, førskulelærar, faglærar eller PPU) 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga vil i hovudsak vere nettleksjonar (i læringsportalen Canvas) som studentane arbeider med asynkront. I tillegg blir det gitt tilbod om frivillige nettmøte som gir mulegheit til sanntidskommunikasjon m.a. med diskusjon og gjennomgang av oppgåver.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Både didaktiske og matematikkfaglege arbeidskrav inngår. Emnet i haustsemesteret har skriftleg eksamen, i vårsemesteret munnleg eksamen. Eksamen blir gjennomført i Volda.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga svarar til første halvdel av årseininga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Temavalet er gjort for å gi kompetanse til å undervise matematikk på mellomsteget og ungdomssteget. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2 for 5.-10. årssteg.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studieåret 2024-2025 er samlingane i Volda planlagt til desse datoane:

29.-30. august

16.-17. oktober

9.-10. januar

24.-25. mars

Med atterhald om at det kan bli gjort endringar.

Pensum

Pensumlister kan ein finne her  – i første omgang for tidlegare år, rundt månadsskiftet mai/juni vil listene for hausten vere klare.

Studieplan

Matematikk 1, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 1, 5.-10. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning, og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klassesteget.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på 5.-10. steg
  • har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
  • har kunnskap om bruk av digitale verktøy og programmering i matematikk
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget og ungdomssteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er i hovudsak nettbasert, men med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6).  Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Matematikk 1, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Navn: 
Matematikk 1, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr. 10 000,- (kr. 5 000,- pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg
Øyvind Roger Halse, oyvind.roger.halse@hivolda.no, tlf. 70 07 52 76