Vidareutdanning (bachelornivå)
Matematikk for lærarar
Er du lærar eller barnehagelærar og ønskjer å styrkje kompetansen din i matematikk? Vi tilbyr ei fleksibel vidareutdanning som gir deg fagleg fordjuping og praktiske verktøy du kan ta inn i klasserommet.

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 60
- Varigheit:
- Inntil 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Utdanninga er tilpassa lærarar i arbeid og gir deg moglegheita til å velje blant aktuelle tema som til dømes problemløysing, utforsking, programmering, tilpassa opplæring og arbeid med matematikkvanskar. Det er inga studieavgift utover semesteravgifta (som er ca. kr 800).
Ei utdanning som er skreddarsydd for lærarar
Vidareutdanninga er delt inn i 12 emne på 5 studiepoeng kvar slik at du kan tilpasse omfanget av studiet til kvardagen din. Du søkjer opptak på heile studieprogrammet (60 studiepoeng), men du vel sjølv om du vil ta eitt, to eller tre emne per semester. Det er også mogleg å berre ta 5 studiepoeng og nøye seg med det. Dersom du tek tre emne per semester er du halvtidsstudent, og du kan oppnå 60 studiepoeng i løpet av to år. Dette vil gjere deg kvalifisert til å undervise i matematikk på grunnskulen, og det kan legge grunnlaget for ei masteroppgåve i matematikkdidaktikk.
Emneoversikt:
- Utforsking i matematikkundervisning
- Begynnaropplæring i matematikk
- Programmering i matematikkundervisning
- Abstraksjon og generalisering
- Resonnering og argumentasjon
- Problemløysing i matematikk
- Representasjon og kommunikasjon
- Digitale verktøy i matematikkundervisning
- Tilpassa undervisning i matematikk
- Modellering og anvendingar
- Innføring i matematikkdidaktisk forsking
- Matematikkvanskar
Undervisinga er lagt opp som ein kombinasjon av nettbaserte ressursar, nettleksjonar og samlingar. Enkelte emne er fullstendig nettbasert, sjå emneplanane for detaljar. Dette gir deg høve til å studere fleksibelt, samstundes som du får fagleg rettleiing og samarbeid med andre studentar.
Studieinnhald
Kva kan du oppnå?
- Betre matematikkundervisning: Utvikle nye strategiar og metodar som fremmar læring for alle elevar – frå dei som treng ekstra støtte til dei som presterer høgt.
- Digitale verktøy: Lær å bruke GeoGebra, programmering og andre digitale ressursar som fremmar matematisk forståing og engasjement.
- Forskingsbasert undervisning: Fordjup deg i aktuelle tema som modellering, representasjon og kommunikasjon, og få ei solid fagleg og didaktisk forankring.
- Styrka profesjonsfellesskap: Delta i faglege diskusjonar og utviklingsarbeid som set deg i stand til å bidra aktivt til skulens utvikling.
Fagleg innhald som gir verdi i klasserommet
Kvart emne fokuserer på sentrale tema i matematikkfaget og har tydeleg forankring i forsking og praksis. Du vil utvikle ferdigheiter som å analysere elevane sine tankar og uttrykk, bruke variasjon i undervisninga, og gjennomføre tilpassa opplæring. For deg som ønskjer å gå endå lenger, gir studiet ei plattform for å bidra til fagleg utvikling på eigen skule eller innanfor kommunen.
Kvifor velje Høgskulen i Volda?
Høgskulen i Volda har lang erfaring med å tilby vidareutdanning til lærarar. Med eit sterkt fagmiljø innan matematikkdidaktikk får du ikkje berre oppdatert kunnskap, men også inspirasjon til å fornye din eigen undervisningspraksis.
Ta steget i dag – styrk din profesjonsfaglege kompetanse og bidra til å gjere matematikkfaget endå meir spennande for elevane dine!
Opptakskrav
For å søkje må du ha fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, faglærar med PPU).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studieprogrammet inneheld ei blanding av emne som er reine nettbaserte emne og emne som er samlingsbaserte. Sjå emneplanane for detaljar.
Du får tilgang til eit eige digitalt klasserom der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Det digitale klasserommet vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studieplan
Matematikk for lærarar - vidareutdanning (deltid)
Ved Høgskulen i Volda tilbyr vi ei rekke emne for vidareutdanning av lærarar innan matematikk. Desse emna er for deg som vil ha fagleg påfyll innanfor enkelte tema, eller deg som ønskjer ei fagspesialisering i matematikk med 60 studiepoeng. Dette kan til dømes legge grunnlaget for ei erfaringsbasert masteroppgåve i matematikkdidaktikk.
Vi legg opp til at du skal kunne ta alle emna som deltidsstudent og kvart emne er på 5 studiepoeng. Du vel sjølv kor mange emne du ønskjer å ta per semester; om det er eitt, to eller tre.
Undervisingsorganisering:
Studieprogrammet inneheld ei blanding av emne som er reine nettbaserte emne og emne som er samlingsbaserte. Sjå emneplanane for detaljar. Du får tilgang til eit eige digitalt klasserom der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Det digitale klasserommet vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Studiemodell:
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over når alle emna blir tilbydd. Kvart emne går annakvart år, så eit emne som går haust 25 vil neste gang gå haust 27. Dei fleste emna vil du kunne ta uavhengig av kvarandre, men dersom eit emne krev forkunnskapar vert det spesifisert i emneplanen.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Læringsutbyttet er gitt i emneplanane
Læringsutbyttet er gitt i emneplanane
Læringsutbyttet er gitt i emneplanane
Studieprogrammet inneheld ei blanding av emne som er reine nettbaserte emne og emne som er samlingsbaserte. Sjå emneplanane for detaljar. Du får tilgang til eit eige digitalt klasserom der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Det digitale klasserommet vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Kvart emne går annakvart år. Dei fleste emna vil du kunne ta uavhengig av kvarandre, men dersom eit emne krev forkunnskapar vert det spesifisert i emneplanen. For å behalde studieretten må du ta minimum 5 studiepoeng per semester.
Emne | 2025 H | 2026 V | 2026 H | 2027 V |
---|---|---|---|---|
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
5 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)