Vidareutdanning (masternivå)
Meistring og myndiggjering, strukturperspektivet
Dette studiet gir deg auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis, og kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Heiltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergrad i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.
Studieinnhald
Les meir i emneplanen.
Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar.
Studentane vel oppgåve tidleg i studiet, og får høve til å levere utkast til kommentar frå faglærar. Dei kan så bearbeide utkastet vidare for endeleg innlevering. Oppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord og skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke litteraturen som vert brukt i emnet. Eksamenen tek utgangspunkt i heimeoppgåva, men gjeld heile emnet. Sjå emneplan for meir informasjon.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar vår 2025: vekene 2, 6 og 11. Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar som følgjer:
Veke 2: måndag 6. - torsdag 9. januar 2025 - fredag er studiedag
Veke 6: måndag 3. - torsdag 6. februar 2025 - fredag er studiedag
Veke 11: måndag 12. - torsdag 15. mars 2025 - fredag er studiedag
Fyrste undervisningsdag: måndag 6. januar 2025, kl. 09:15, rom kjem.