Vidareutdanning (bachelornivå) Fordjupingsstudium
Musikk og helse
I dette emnet får du ei innføring i korleis deltaking i musikkaktivitet kan virke helsefremjande på ulike målgrupper i samfunnet. Utprøving av musikkaktivitet i praktiske situasjonar der musikk er knytt til mål om helse og livskvalitet er sentralt.

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå) Fordjupingsstudium
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Det blir lagt vekt på samarbeid- og relasjonskompetanse og korleis musikk kan ha ein funksjon i helseinstitusjonar, i ulike former for opplæring og knytt til fritid.
Emnet byggjer på nyare forskingslitteratur frå praksisfeltet musikk og helse. Det blir også nytta teori innan musikkvitskap, pedagogikk, psykologi og helsefag.
Opptakskrav
Musikk årsstudium eller tilsvarande.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Emnet er samlingsbasert og arbeidsmåtar vekslar mellom forelesingar, workshops, gruppearbeid og individuelt arbeid under rettleiing. Det inngår ein observasjonspraksis og eigenpraksis i emnet.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.