Vidareutdanning (bachelornivå)
Naturfag 1, 5. - 10. trinn
Er du lærar med lite eller ikkje noko naturfag i utdanninga di frå før, passar denne vidareutdanninga for deg.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida.
Studieinnhald
Vidareutdannninga er sett saman av 2 emne på 15 studiepoeng:
- Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)
- Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Hovuddelen av teoriundervisninga er nettbasert. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar,
Aktuelle yrke og vidare studium
Det er stort behov for lærarar med naturfagkompetanse på alle trinn i grunnskulen. Lærarar med naturfag i fagkrinsen er difor etterspurte i skule- og oppvekstsektoren.
Studieplan
Naturfag 1, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen naturfag i si tidligare utdanning. Innhaldet i studiet tilsvarar Naturfag 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. steg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida.
For å oppnå godkjent naturfagutdanning (30 studiepoeng) for undervisning i grunnskulen blir det krevd at emnet NF101U er bestått i tillegg til NF102U.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- skal ha grunnleggande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkeleg for å undervise på 5.-10. steg i grunnskulen
- skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisning i skulen
- skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisingspraksis og for elevar si læring
Studenten:
- skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 5.-10. steg
- skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
- skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget
Studenten:
- skal øve opp evnen til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitenskap er relevant
- skal øve opp evnen til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitenskap i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre og utvikle naturfagundervisning
Studiet er sett saman av dei to emna NF101U (haust) og NF102U (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga blir gitt via internett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. I studiet inngår arbeidskrav som må vera godkjent for å gå opp til eksamen.
Emne | 2025 Vår | 2025 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |