Vidareutdanning (bachelornivå)

Naturfag 8.-13. trinn

I denne vidareutdanninga får du eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere læringsprosessar i naturfag i ungdomsskulen og vidaregåande skule (vg1 og vg3 påbygging).

Naturfagsstudentar ved Høgskulen i Volda
Start:
Haust Vår
Omfang:
Heiltid Nettstudium Samlingar Deltid
Studiepoeng:
60,0
Varigheit:
4 semester (2 år)
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Studiet er mellom anna relevant for lærarar som manglar- eller vil komplettere sin undervisningskompetanse i naturfag. Studiet har fire emne á 15 studiepoeng. Studentar utan anna høgare utdanning i naturfag må fullføre alle emna for å få full kompetanse til å undervise i naturfag 8-13. trinn, men det er mogleg å melde seg opp til enkeltemne for dei som vil komplettere anna høgare utdanning i naturfag eller ta studiet over eit lengre tidsrom.

Studieinnhald

Studiet har følgjande emne:

Naturfag 8–13 – Stoffer, energi og berekraft,15 stp

Naturfag 8–13 – Jorda, livet på jorda og berekraft,15 stp

Naturfag 8–13 – Fysikk og teknologi, 15 stp 15

Naturfag 8–13 – Kropp og helse. Cellebiologi og fysiologi, 15 stp

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er satt samen av dei fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar ei samling á 3 dagar per emne.

Aktuelle yrke og vidare studium

Lærarar med naturfag/realfag i fagkrinsen er etterspurde i skuleverket.

Studieplan

Naturfag 8.-13. trinn

Studieprogram: 
Naturfag 8.-13. trinn
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod som skal gi eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere læringsprosessar i naturfag i ungdomsskulen og vidaregåande skule (Vg1 og Vg3 Påbygging). Studiet er m.a. relevant for lærarar som manglar- eller vil komplettere sin undervisningskompetanse i naturfag. Studiet består av fire emne á 15 studiepoeng. Studentar utan anna høgare utdanning i naturfag må fullføre alle emna for å få full kompetanse til å undervise i naturfag 8-13. trinn, men det er mogleg å melde seg opp til enkeltemne for dei som vil komplettere anna høgare utdanning i naturfag eller ta studiet over eit lengre tidsrom.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram 

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha kunnskapar i biologi, fysikk, kjemi og geofag
  • skal ha kunnskapar om teknologi og programmering i naturfag
  • skal ha kunnskap om naturfaget si rolle i tverrfaglege tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling
  • skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag
  • skal ha kjennskap til varierte formar for undervisning, inkludert demonstrasjonar, bruk av digitale ressursar og praktiske aktivitetar
  • skal ha kjennskap til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven si læring
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne planlegga, tilpasse, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning, inkludert praktisk arbeid i lab og i felt.
  • skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremja slike ferdigheiter hos elevane
  • skal kunne tolke sikkerheitsdatablad og nytte laboratorieutstyr og kjemikaliar på ein forsvarleg måte
  • skal kunne nytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema samt naturfagdidaktisk forsking for å utvikla eigen undervisning i faget
Generell kompetanse

Studenten

  • skal ha evne til kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
  • skal ha evne til refleksjon angåande elever sitt forhold til naturfag og naturvitskap i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle, naturfagundervisning og lokale læreplanar
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er satt samen av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt.

Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar ei samling á 3 dagar per emne, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

I studiet inngår arbeidskrav som må vera godkjent for å gå opp til eksamen.

Naturfag 8.-13. trinn
Navn: 
Naturfag 8.-13. trinn
Emne2025 Vår2025 Haust2026 Vår2026 Haust
Studenten vel sjølv deltids- eller heiltidsprogresjon
15151515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Anna
Undervisninga blir ikkje sett i gang dersom færre enn 5 studentar melder seg til emna som inngår i studieplanen.
Ansvarleg
Carlos Magnusson, tlf. 70 07 53 85, e-post: carlos.magnusson@hivolda.no og Øyvind Arne Høydal, tlf. 70 07 51 00, e-post: oyvind.arne.hoydal@hivolda.no