Vidareutdanning (bachelornivå)

Norsk 1, 1.-7. trinn

Er du lærar med lite eller ikkje noko norsk i den tidlegare utdanninga di, er dette eit vidareutdanningstilbod for deg.

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium Samlingar
Studiepoeng:
30,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.02.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.-7. årstrinn. 

Undervisninga er nett- og samlingsbasert. Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester.

Det er studieavgift på kr 10 000 (kr 5 000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nett- og samlingsbasert. Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester.

Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Eksamen er organisert som heimeeksamen og mappeeksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetansefor for å undervise i norsk i grunnskulen på 1.til 7. årssteg.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingsdatoar for hausten 2024:

Veke 38: 18. og 19. september

Veke 45: 6. og 7. november

Pensum
Studieplan

Norsk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)

Studieprogram: 
Norsk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdaning (allmennlærar, barnehagelærar, faglærar eller PPU)

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen norsk i si tidlegare utdanning.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i norsk i dagen skule, samtiding som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme norskfaget for framtida.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram 

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • undervisningskunnskap i norskemna elevane arbeider med på barnesteget
  • kunnskap i relevante norskfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
  • kunnskap om norskfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i norskfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk og utforskande med tekst i ulike former og på ulike nivå
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • bruke både norskfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • vise evne til refleksjon og kritisk tenking
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Norsk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Navn: 
Norsk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Kostnader

Studieavgift kr. 10 000,- (Kr. 5 000,- haust og kr. 5 000,- vår).

Ansvarleg
Pernille Fiskerstrand