Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Norsk 1, 1.-7. trinn (KFK)
Gjennom dette studiet skal du tileigne deg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.–7. steg.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025 - 15.04.2025
Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen norsk i si tidlegare utdanning.
Undervisninga er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Vurderingsordninga i emna vert gjennomført som heimeeksamen og mappeeksamen.
Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:
Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.
Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:
Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.
Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)
Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er nett- og samlingsbasert. Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Eksamen er organisert som heimeeksamen og mappeeksamen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir kompetansefor for å undervise i norsk i grunnskulen på 1.til 7. årssteg.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Hausten
Det er samlingar veke 38: 18. - 19. september og veke 45: 6. – 7. november.
Våren
Det er samlingar veke 6: 5.- 6. februar og veke 15: 9. - 10. april.
Pensum
Pensumlister vil bli publisert her
Men vi har to pensumbøker som studentane kan kjøpe før pensumlistene blir publiserte, og det er
Skjelbred, D. (2021). Elevens tekst. Cappelen Damm Akademisk
Studieplan
Norsk 1 for 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen norsk i si tidlegare utdanning.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i norsk i dagen skule, samtiding som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme norskfaget for framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha
- undervisningskunnskap i norskemna elevane arbeider med på barnesteget
- kunnskap i relevante norskfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
- kunnskap om norskfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Studenten skal kunne
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i norskfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk og utforskande med tekst i ulike former og på ulike nivå
Studenten skal kunne
- bruke både norskfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- vise evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6) Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje knytt praksis til KFK-studium