Årsstudium

Norsk (nordisk)

Årsstudium i norsk (nordisk) gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid.

Start:
Haust
Omfang:
Heiltid Samlingar
Studiepoeng:
60,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Årsstudium

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Årsstudium i norsk (nordisk) gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal få kompetanse til å kunne gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar, samt få gode ferdigheiter i både nynorsk og bokmål.

Gjennom studiet skal du tileigne deg kunnskapar som er naudsynte anten du skal bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der du treng kompetanse i norsk språk og litteratur.

 

Studieinnhald

Du får ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Les meir i studieplanen.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga er organisert gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i norsk (nordisk) vert også tilbode som nettstudium.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i norsk gir relevant og naudsynt kompetanse anten du skal bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan vere til dømes informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Årsstudiet kan inngå som del av Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestad for samlingane er Høgskulen i Volda.

Det blir fire samlingar:

26.–30. august 

16.–20. september 

21.–25. oktober 

4.–5. november

Vi brukar læringsplattformen Canvas. Der finn du informasjon om undervisningsrom, arbeidskrav og eksamenar.

Pensum
Studieplan

Norsk (nordisk) - årsstudium

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad (t.d. Bachelor i språk og litteratur) og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng 
Ferdigheiter

Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv:

  • NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
  • NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
  • NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
  • NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Norsk (nordisk) - årsstudium
Navn: 
Norsk (nordisk) - årsstudium
Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Ansvarleg
Brage Egil Herlofsen