Årsstudium
Norsk (nordisk)
Ønskjer du gode basiskunnskapar i språk og litteratur? Då kan Årsstudium i norsk (nordisk) vere noko for deg!
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 60,0
- Varigheit:
- 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Årsstudium
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Ønskjer du gode basiskunnskapar i språk og litteratur? Då kan Årsstudium i norsk (nordisk) vere noko for deg! Studiet gir mellom anna ei generell innføring i dei litterære hovudsjangrane og språkkunnskap. Tilhøvet mellom språk og samfunn er også ein viktig del av studiet.
Årsstudiet gir deg gode og relevante kunnskapar, som er naudsynte, anten du vil bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan til dømes vere informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag.
Norsk (nordisk) årsstudium kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Studieinnhald
Årsstudiet gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal opparbeide kompetanse til å kunne forstå og gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar. I tillegg får du ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Normert studietid for deltidsstudentar er to år. Undervisinga blir gitt gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i norsk (nordisk) vert også tilbydd som nettstudium.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudiet i norsk gir deg gode og relevante kunnskapar, som er naudsynte, anten du vil bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan til dømes vere informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Norsk (nordisk) årsstudium kan gå inn som ein del av Bachelor i språk og litteratur.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiestad for samlingane er Høgskulen i Volda.
Det blir fire samlingar:
26.–30. august
16.–20. september
21.–25. oktober
4.–5. november
Vi brukar læringsplattformen Canvas. Der finn du informasjon om undervisningsrom, arbeidskrav og eksamenar.
Pensum
Pensumliste: NO111S Språket som struktur
Studieplan
Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad (t.d. Bachelor i språk og litteratur) og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
- vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
Studenten skal
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv. Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Det er ikkje praksis knytt til studiet.