Norsk (nordisk)

Årsstudium

Årsstudium i norsk (nordisk) gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal få kompetanse til å kunne gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar, samt få gode ferdigheiter i både nynorsk og bokmål.

Gjennom studiet skal du tileigne deg kunnskapar som er naudsynte anten du skal bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der du treng kompetanse i norsk språk og litteratur.

 

  • Heiltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.11.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Studieinnhald

Du får ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Les meir i studieplanen.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga er organisert gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i norsk (nordisk) vert også tilbode som nettstudium.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i norsk gir relevant og naudsynt kompetanse anten du skal bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan vere til dømes informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Årsstudiet kan inngå som del av Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestad for samlingane er Høgskulen i Volda.

Det blir fire samlingar:

1. Veke 34:

NO113S Tekst og struktur: måndag 21.8. og tysdag 22.8.

NO111S Språket som struktur: onsdag 23.8., torsdag 24.8., analyseverkstad fredag 25.8. (3 timar)

2. Veke 38:

NO113S Tekst og struktur: måndag 18.9. og tysdag 19.9.

NO111S Språket som struktur: onsdag 20.9., torsdag 21.9., analyseverkstad fredag 22.9. (3 timar)

3. Veke 43

NO113S Tekst og struktur: måndag 23.10. og tysdag 24.10.

NO111S Språket som struktur: onsdag 25.10, torsdag 26.10., analyseverkstad fredag 27.10. (3 timar)

4. Veke 45 (moglegheit for digital deltaking)

NO113S Tekst og struktur: måndag 6.11.

NO111S Språket som struktur: tysdag 7.11.

Vi brukar læringsplattformen Canvas. Der finn du informasjon om undervisningsrom, arbeidskrav og eksamenar.

Studieplan

Norsk (nordisk) - årsstudium

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad (t.d. Bachelor i språk og litteratur) og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng 
Ferdigheiter

Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv. Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

- NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.

- NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.

- NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.

- NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Norsk (nordisk) - årsstudium
Navn: 
Norsk (nordisk) - årsstudium
Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Ansvarleg
Brage Egil Herlofsen
  • Heiltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.11.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Søk frå 1. november

Søknadskode : 4163

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt