Vidareutdanning (masternivå)
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
Dette studiet er eit tverrfagleg studium som gir deg teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen gir.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2025
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Dette er eit profesjonsretta studium som gir barnehagelærarar og lærarar kompetanse for gjennomføring og utvikling av opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø – ein kompetanse det er stort behov for i både skule og barnehage.
Studiet har ei tverrfagleg tilnærming til pedagogiske og andrespråksdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter som trengst for å kunne handtere utfordringar og moglegheiter i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen eller barnehagen. Studiet er relevant for lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk etter den nye integreringslova og som skal ha 30 studiepoeng i fagfeltet norsk som andrespråk.
Skal du ta vidareutdanning, kan det vere mogleg å søke om støtte gjennom Utdanningsdirektoratet sine ordningar. Les meir om stipend- og vikarordninga her
Opptakskrav
Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule innanfor følgande utdanningsvegar:
- grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning, der minst 30 stp norsk inngår i fagkretsen
- barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
- fagutdanning med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), der minst 30 stp norsk inngår i fagkretsen
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk. Eksamen i haustsemesteret er ein individuell skriftleg tekst i artikkelformat, og i vårsemesteret ein munnleg eksamen.
Arbeidsformene vil variere mellom forelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid i grupper, feltarbeid, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av digitale kommunikasjonsverktøy. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
I både barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og i vaksenopplæringa er det behov for lærarar med kompetanse i utvikling og gjennomføring av opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Veke 36, torsdag 5. - fredag 6. september
Veke 40, torsdag 3. - fredag 4. oktober
Veke 44, torsdag 31. oktober - fredag 1. november
Veke 48, torsdag 28. - fredag 29. november
Pensum
Eit utval pensumlitteratur for dei som ynskjer å lese litt før studiestart. Dei to førtse referansane er frå bøker som vi tilrår at de kjøper. Den tredje referansen er særskilt pensum for lærarar, den fjerde referansen er særsilt pensum for barnehagelærarar. Heile pensumlista vert tilgjengeleg via læringsplattforma Canvas ved studiestart. Då vil de også få tilgang til eit kompendium der vi har samla pensumtekstar frå ulike bøker - etter retningslinene frå Kopinor.
Cummins, J. (2017). Flerspråkiga elever. Effektiv undervisning i en utmanande tid. Natur & Kultur. Sjå kapittel 2 Kunnskapsspråkets karaktär, kapittel 5 Tvåspråkighet, tvåspråkig utbildning och tvärspråklig transfer (frå s.136-152), kapittel 6 Maktförhållanden, identitetsförhandling och skolresultat. I tillegg er kapittel 7 for barnehagelærarar og kapittel 8 & 9 er for lærarar)
Gujord, A-K. H. (2023). Å studere utvikling av andrespråk. Fagbokforlaget. Kapittel 1 (s. 11-40) og kap. 4 (s. 135-211).
Westrheim, K. & Tolo, A (Red.)(2014), Kompetanse for mangfold. Om skolens utfordringer i det flerkulturelle Norge. Fagbokforlaget. Sjå kapittel 2 Engen: Tilpasset opplæring i superdiversiteten, kapittel 3 Tolo: Utforming av utdanningspolitikk på det flerkulturelle området, kapittel 4 Welstad: Elevenes faglige utdanning og menneskelige utvikling i skolen – rettslige utfordringer og praktiske dilemmaer. (Kapittel 2 og 4 er for lærarar)
Alstad, G. T. (2016). Andrespråk og flerspråklighet i barnehagen. Forskningsperspektiver på barnehagepraksiser. Fagbokforlaget. Kapittel 1, 2 og 4. (Denne boka er for barnehagelærarar.)
Daugaard, L. M. & Dewilde, J. (2017). Flerspråklige lærere som opfindere – i danske og norske skoler. Nordand – nordisk tidsskrift for andrespråksforskning, 12(1), 6–22. https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.2535-3381-2017-01-02
Dewilde, J. & Kulbrandstad, L. A. (2016). Nyankomne barn og unge i den norske utdanningskonteksten. Nordand - nordisk tidsskrift for andrespråksforskning 11(2),13–33. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/55624/2016-Dewilde-Kulbrandstad.pdf?sequence=1
Kjelaas, I. (2009). «Trollet bodde i vann med fart i» – om stimulering av ord- og begrepskompetanse hos flerspråklige førskolebarn. NOA norsk som andrespråk 25(2), 58–88. http://nafo.oslomet.no/wp-content/uploads/2013/04/Trollet-bodde-i-vann-med-fart-i.pdf
Studieplan
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg studium som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen gir. Studiet gir kompetanse for pedagogisk og norskdidaktisk arbeid med barn, ungdom og vaksne i ein fleirspråkleg og fleirkulturell læringssituasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.
Studenten har:
- avansert kunnskap om fleirspråklegheit
- avansert kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning
- brei kunnskap om samanhengar mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirkulturelle utdanningskontekstar
- inngåande kunnskap om korleis ein kan utvikle ein antirasistisk og fleirkulturell skule og barnehage
Studenten kan:
- gjennomføre norskopplæring for born, unge eller vaksne med eit anna morsmål enn norsk
- utvikle innhhaldet i skulen eller barnehagen på måtar som er tilpassa ein språkleg og kulturelt mangfaldig barne- ungdoms- eller vaksengruppe
- skape læringsmiljø som bidreg til å motvirke fordommar og diskriminering
- analysere og handtere pedagogiske og fagdidaktiske utfordringar og moglegheiter knytt til læring og utvikling for born, unge eller vaksne som held på å lære norsk
Studenten kan:
- engasjere seg i og initiere utviklingen av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Studiet er sett saman av emna Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1 (15 stp) og Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2 (15 stp). Emne 1 er lagt til haustsemesteret, og emne 2 er lagt til vårsemesteret. Bestått eksamen på emne 1 er ein føresetnad for å kunne ta emne 2.
Undervisninga er fordelt på fire samlingar om hausten og fem samlingar om våren. Kvar samling går over to heile dagar. Undervisningsopplegget er obligatorisk, med krav om 70 prosent frammøte/deltaking, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. I emne 1 skal studentane gjennomføre eit feltarbeid på éin til to dagar i barnehage, skule eller annan institusjon der det skjer fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |