Vidareutdanning (masternivå)
Perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
I dette studiet får du kunnskap om ulike perspektiv på barn og unge si utvikling, og korleis ulike former for omsorgssvikt påverkar barn og unge sine livssjansar.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Studiet skal gi kunnskap om teoretiske og juridiske perspektiv i barnevernet sitt arbeid med barn, unge og familiar i utsette livsposisjonar/situasjonar.
Det vert også sett fokus på korleis sosiale og kulturelle forhold har betydning for barnevernet sitt arbeid.
Les meir om emnet i emneplanen.
Opptakskrav
- Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
- Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.
- Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar. I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. Det vert lagt opp til studentaktivitet både i og mellom samlingane, der studentane vert motivert til refleksjon både individuelt og i grupper. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt.
Mellom samlingane skal studentane jobbe med oppgåveløysing og eigenstudiar, individuelt og i grupper.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet inngår i Master i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Emnet er organisert med 3 samlingsveker. Tysdag, onsdag og torsdag er undervisningsdagar med fysisk oppmøte. Måndag og fredag er studiedagar, der studentane får digitale opplegg i Canvas.
Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte er tysdag 20. august 2024. Samlinga startar kl 09:15 på BK157 (Berte Kanutte-huset).
- Samling 1, veke 34: tysdag 20/08 - torsdag 22/08 - 2024
- Samling 2, veke 39: tysdag 24/09 - torsdag 26/09 - 2024
- Samling 3, veke 44: tysdag 29/10 - torsdag 31/10 - 2024