Vidareutdanning (bachelornivå)
Praktisk naturfag og tryggleik
Dette studiet gir deg ei innføring i praktisk arbeid i naturfag, og legg vekt på tryggleik i laboratoriet og i felt.

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Praktisk naturfag og tryggleik er retta mot lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre praktisk og eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.
Gjennom fire samlingar (to på haust og to på vår) vert studentane kjende med eksperimentelt arbeid i biologi, kjemi og fysikk, og lærer rutinar for sikkert arbeid i naturfagslaboratoriet og ved feltarbeid, inkludert handtering av risikoavfall og prosedyrar ved ulukker. I den fjerde samlinga vert det lagt vekt på tverrfagleg arbeid der element frå biologi, kjemi, fysikk og teknologi vert fletta saman i utforskande forsøk.
Emnet passar godt for lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet går over to semester med to samlingar på haust og to samlingar på vår. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt.
Studieplan
Praktisk naturfag og tryggleik i praktisk arbeid
Emnet gir innføring i praktisk arbeid i naturfag, og legg vekt på tryggleik i laboratoriet og i felt. Gjennom fire samlingar (to på haust og to på vår) vert studentane kjende med eksperimentelt arbeid i biologi, kjemi og fysikk, og lærer rutinar for sikkert arbeid i naturfagslaboratoriet og ved feltarbeid, inkludert handtering av risikoavfall og prosedyrar ved ulukker. I den fjerde samlinga vert det lagt vekt på tverrfagleg arbeid der element frå biologi, kjemi, fysikk og teknologi vert fletta saman i utforskande forsøk. Emnet passar godt for lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)
Studenten
- Skal ha essensielle kunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
- Skal kunne tolke datablad til kjemikaliar med tanke på risikovurderingar av laboratorieforsøk
- Skal kjenne til rutinar for handtering av kjemikaliar og risikoavfall
- Skal kjenne til rutinar for handtering av ulukker i laboratorium og i felt
- Skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag inkludert fagdidaktiske modellar, misoppfatningar og grunnleggande ferdigheiter.
- Skal ha kunnskap om framgangsmåtar i praktisk utforskande naturfagarbeid.
- Skal ha kjennskap til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven sin læring
Studenten
- Skal kunne vurdere, planlegge og gjennomføre tverrfagleg praktisk utforskande naturfagarbeid
- Skal kunne formulere relevante forskingsspørsmål på bakgrunn av fagkunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
- Skal kunne planlegga, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader
- Skal kunne nytte laboratorieutstyr og handtere kjemikaliar på ein forsvarleg måte
Studenten
- Skal øva opp evne til å tenke tverrfagleg om praktisk naturfagarbeid og naturfagundervisning
- Skal øva opp evne til refleksjon om naturvitskapleg tenkemåte og verdien av praktisk utforskande arbeid i naturfag.
Studiet går over to semester med to samlingar på haust og to samlingar på vår.
Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |