Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Programmering for lærarar, 8.–13. trinn
Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag frå 8.–13. trinn.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 2 terms (1 year)
- Studietype:
- Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag frå 8.–13. trinn.
Ein viktig del av studiet er tekstbasert programmeringsspråk og koding med ulike fysiske objekt relevant for eigen praksis. Likevel vil vi i studiet også introdusere andre tilnærmingar for programmering, som kan gjere undervisninga meir variert og motiverande.
Vi diskuterer også programmering i eit samfunnsperspektiv og gjer etiske vurderingar. Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan.
Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).
Innblikk i studiekvardagen
Høgskulen har i fleire år vore i bresjen for digital kompetanse i læring, og fagtilsette held stadig på med vidareutvikling av studietilboda. No prøver høgskulelektor Torbjørn Frantsen noko nytt for å betre si eiga undervisinga om programmering.Vis mer
Høgskulen har i fleire år vore i bresjen for digital kompetanse i læring, og fagtilsette held stadig på med vidareutvikling av studietilboda. No prøver høgskulelektor Torbjørn Frantsen noko nytt for å betre si eiga undervisinga om programmering.
Opptakskrav
Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er med andre ord ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det.
Studentane skal levere ei vureringsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Studieplan
Programmering for lærarar, 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
I studiet får studenten utvikle kompetanse i å integrere programmering i undervisingen. Studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, skal utvikle kompetanse til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Studentane skal både utvikle eigen praktisk kompetanse i programmering og kompetanse i korleis programmering kan integrerast i ulike undervisningsfag.
Studiet er tilrettelagt for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.
Studiet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 8.-13.-trinn. Det vil i hovudsak nyttast tekstbaserte programmeringsmiljø og ein vil arbeide med mikrokontrollar og knytte dette til eiga undervisning. Studentane får også kjennskap til algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og korleis dette kan brukast til planlegging av programmeringsprosessen.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal
- ha forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i samfunnet og skulen
- ha forståing for algoritmar
- ha forståing grunnleggande element i tekstprogrammering
- gjere greie for programmering som prosess
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
- har forståing for meir avanserte programstrukturer, til dømes ved bruk av funksjonar
- gjere greie for tekstbasert programmering som del av prototyping med mikrokontrollarar
Studenten skal kunne
- utforme algoritmar og pseudokode
- utvikle program med ved hjelp av tekstprogrammering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
- overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande program
- utvikle prototypar med mikrokontroller
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, relatert til læraren sin kvardag. Studiet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, ulike typar læringsressursar, øvingar, samarbeid og individuelle oppgåver.
Studiet er nettbasert og det er ikkje krav om fysisk oppmøte. I kvart delemne (haust og vår) er det to (2) obligatoriske arbeidskrav som må leverast for å få avlegge eksamen. Eksamensforma er mappevurdering, beståande av vidareutvikla versjonar av dei to arbeidskrava.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
7.5 | ||
7.5 | ||
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart.
Som del av studiet vil ein måtte jobbe med mikrokontrollerar, som for eksempel Micro:bit. Eit sett med Micro:bit og enkelt tillegsutstyr må studenten ha tilgjengeleg. Aller best er det om arbeidsplassen stiller med utstyr av denne typen, som kan takast i bruk i undervisning. Kontakt studieprogramansvarleg ved spørsmål.