Vidareutdanning (bachelornivå)
Programmering for barnehage og småskuletrinnet
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 5,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
I både skule og barnehage treng dei tilsette praktiske ferdigheiter og didaktisk kunnskap for å kunne legge til rette for gode læringsprosessar som inkluderer programmering. I dette emnet utviklar studenten gradvis slike ferdigheiter og kunnskap med fokus på programmeringsverktøy og visuelle programmeringsspråk tilpassa barn i barnehagen og elevar i byrjinga av grunnskulen.
Sentrale tema er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og blokkprogrammering. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde.
Målgruppa for emnet er barnehagelærarar og lærarar på 1.- 4. trinn i grunnskulen. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i leik og utforsking.