Digital matte

Programmering for lærarar, 1.-7. trinn

Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 1.-7. trinn.

Ein viktig del av studiet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og overgangar mellom ulike tilnærmingar for programmering på små- og mellomsteget. Leik og kreative skapande prosessar er sentralt, men ein hevar også blikket og diskuterer programmering i eit samfunnsperspektivet.

Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen under hospiteringa på Ulstein ungdomsskule

Høgskulen har i fleire år vore i bresjen for digital kompetanse i læring, og fagtilsette held stadig på med vidareutvikling av studietilboda. No prøver høgskulelektor Torbjørn Frantsen noko nytt for å betre si eiga undervisinga om programmering.

Høgskulen har i fleire år vore i bresjen for digital kompetanse i læring, og fagtilsette held stadig på med vidareutvikling av studietilboda. No prøver høgskulelektor Torbjørn Frantsen noko nytt for å betre si eiga undervisinga om programmering.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb.

Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. 

Sidan studentane på studiet er lærarar i skulen, vert utprøving og progresjon integrert i eigen praksis og tilpassa skulane sine årsplanar.

Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga gir etterspurd kompetanse i programmering og didaktikk til lærarar for å kunne bruke programmering i ulike fag på 1.- 7. årssteg.

Studieplan

Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)
 

Om studiet

I studiet får studenten utvikle kompetanse i å integrere programmering i undervisingen. Studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, skal utvikle kompetanse til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Studentane skal både utvikle eigen praktisk kompetanse i programmering og kompetanse i korleis programmering kan integrerast i ulike undervisningsfag.  

Studiet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 1.-7.-trinn. Det vil i hovudsak nyttast visuelle programmeringsmiljø og ein vil arbeide med mikrokontrollar og knytte dette til eiga undervisning. Studentane får også kjennskap til algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og korleis dette kan brukast til planlegging av programmeringsprosessen. 

Studiet er tilrettelagt for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skulen og samfunnet  
  • har grunnleggjande forståing for algoritmar 
  • har forståing for analog programmering 
  • vise forståing for og kunne kombinere grunnleggande element i visuell programmering  
  • kjenne til tekstbasert programmering  
  • gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet  
  • gjere greie for programmering som prosess 
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • utforme algoritmar og pseudokode  
  • ta i bruk analog programmering i undervisning 
  • utvikle program ved hjelp av visuell programmering 
  • utvikle prototypar med mikrokontroller  
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon 
  • tilpasse eksisterande programkode og algoritmar til nye problem 
  • gjere om problem til delproblem  
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering  
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering  
  • bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven 
  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.  
  • reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag 
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Programmering for lærere, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Programmering for lærere, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart.

Som del av studiet vil ein måtte jobbe med mikrokontrollerar, som for eksempel Micro:bit. Eit sett med Micro:bit og enkelt tillegsutstyr må studenten ha tilgjengeleg. Aller best er det om arbeidsplassen stiller med utstyr av denne typen, som kan takast i bruk i undervisning. Kontakt studieprogramansvarleg ved spørsmål.  

Ansvarleg
Kim André Stavenæs Refvik T: 70 07 53 08 E: kim.refvik@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

  • Studieplan
Løpende opptak

Søknadskode : 4202

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt